Vern av viktig natur er verdifullt for Vestland
Kva har flamingo og fjellgorilla til felles med fossegrimemose og fjellvalmue? Dei er alle truga artar grunna endring av leveområde. Vern er den tryggaste måten å sikre natur på. Her er siste nytt frå vernefronten!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange nye oppdrag med å verne vestlandsnatur
I Vestland jobbar vi no med å følgje opp oppdrag vi har fått frå overordna statlege styresmaktar. Oppdraga går ut på å verne natur som eit ledd i målet som Stortinget har sett om å ta vare på representativ norsk natur for kommande generasjonar.
Vi har fått i oppdrag å etablere dialog om nye nasjonalparkar, utvide eksisterande nasjonalparkar, starte og vidareføre verneprosessar for store marine område og bevare verdifull natur i heile fylket.
Oppdrag nye nasjonalparkar
Både for Hornelen, Masfjordfjella og Øystesefjella er vi i gang med dialog med kommunane. Det er viktig med lokal dialog og aksept for at vi går vidare med utgreiing og eventuell oppstart av verneprosess av disse tre områda. Ved å følgje lenkjene til høgre kan du lese om det enkelte området og sjå referat frå møta med kommunane.
Det har også blitt opna for å endre statusen på Ålfotbreen frå å være landskapsvernområde til å bli nasjonalpark. I tillegg vil det i løpet av hausten bli sett i gang dialog med kommunane for utviding av nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. Meir informasjon om disse vil komme etterkvart på nettsidene våre om nytt vern.
Kva skjer under overflata?
Om vi dykker ned i den marine verda er det både glaskorallar, niser og sild å få auge på. I vinter fekk vi i oppdrag å starte utgreiinga for eit vern av Sognefjorden. Verdas djupaste og lengste (isfrie) fjord er eitt av dei mest særeigne og mangfaldige undersjøiske naturområda vi har i landet, og er viktig å verne for framtida. Her er vi i god dialog med kommunane, og vil prioritere å komme til kommunestyra for å orientere der det er ønskjeleg. Vi tek sikte på å sende ut ei oppstartsmelding i løpet av hausten der vi ønskjer innspel.
Dei to kandidatområda Ytre Hardanger og Korsfjorden er ferdig tilrådd og ligg til handsaming i Klima- og miljødepartementet.
For kandidatområdet Stad jobbar vi no med ei tilråding til Miljødirektoratet. Vi jobbar også med kandidatområdet Dalsfjorden, der høyringa er noko utvida. Vi planlegg å tilrå også Dalsfjorden vidare i løpet av hausten 2022.
I lenkjesamlinga til høgre kan du lese om alle områda vi jobbar med no, og kor dei er i prosessen. Det vil komme meir informasjon fortløpande om verneprosessane i Vestland på nyhendesida vår når dei skrir fram. Nytt gjerne sjansen til å abonnere på nyhendevarsel her.
Kontaktpersoner
-
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Magnus Johan Steinsvåg
Tlf: 55 57 23 25 -
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56