Vi tilrår vern av Stad som marint verneområde
Stad har store naturverdiar det er viktig å ta vare på for framtidige generasjonar, og det har vore eit unikt lokalt engasjement for å auke omfanget av vernet. Vi tilrår at kystområdet rundt Stad får status som marint verneområde.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren i Vestland har no oppsummert høyringsinnspela til framlegget om å etablere Stad marine verneområde i kommunane Stad og Kinn. Til høgre kan du finne oversendingsbrevet og tilrådinga. Sistnemnte inneheld også framlegg til verneforskrift og kart.
Verneforslaget omfattar eit sjøareal på ca 166,7 km². Verneplanen var på høyring våren 2022, og vi mottok 20 ulike innspel i denne fasen. Vi har ikkje gjort endringar i kartet etter høyringa, men arealet er 46 % større enn det oppstartsmeldinga la til grunn.
Marint vern bidreg til å ta vare på norsk natur for framtidige generasjonar
Vi foreslår området verna som marint verneområde i medhald av naturmangfaldlova § 39: Det kan opprettes verneområder i sjø for å beskytte marine verneverdier. Dette omfatter også naturverdier som er økologiske betingelser for landlevende arter.
Marint vern bidreg til at vi tek vare på representative, særeigne, sårbare og truga undersjøiske naturtypar langs kysten og i territorialfarvatnet. Vern av det marine området rundt Stadhalvøya bidreg til å oppfylle nasjonale og internasjonale avtalar.
Under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det eit felles mål å sikre eit effektivt og representativt vern av 10% av verda sine kyst- og havområde innan 2020. I dag er 3,6 % (per 13.09.2022) av det norske sjøarealet innanfor territorialgrensa verna.
Stad marine verneområde vil omfatte vern av sjøbotnen, vassøyla og overflata. Føremålet er å ta vare på eit spesielt kystområde med truga, sjeldan og sårbar natur med eit rikt dyreliv, og som representerer naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi.
Ei kraftig utviding av verneområdet grunna sterkt lokalt engasjement
Innspela til oppstartsmelding og høyring for Stad er i hovudsak fokusert på taretråling og i mindre grad andre tema. Vi utvida kandidatområdet med 46 % etter oppstartsmeldinga etter stort lokalt engasjement. Utvidinga inkluderer stortareskog av nasjonal verdi og korallrev i Sildegapet.
Vi tilrår forbod mot taretråling i det marine verneområdet vest for Stålet og ned mot Liset. Vi tilrår å opne for taretråling i samsvar med det marin verneplan frå 2003/04 foreslår, aust for Stålet og ned mot naturreservatet Tungevågen.
Vi ser at det er eit stort lokalt engasjement mot taretråling også aust for Stålet. Stad kommune og fleire (sjå alle innspela i dokumentet til høgre) er tydelege i sine innspel om å også beskytte tareskogen mot tråling aust for Stålet fordi det er eit viktig oppvekstområde for fisk og fordi lokalbefolkninga erfarer negative effektar av taretrålingsaktiviteten.
Marint vern grip ikkje inn i eigedomsrett, busetjingsmønster, næringsverksemd eller samfunnsutvikling på land, men aktivitet i tilgrensande område kan gje indirekte effektar på marine område ved t.d. utslepp.
I framlegget til verneforskrift opnar vi for at pågåande aktivetar i hovudsak kan førast vidare i kandidatområdet. Unntaket er bruk av taretråling og bruk av botntrål som kan skade livet på og over sjøbotnen. Det same vil ankring kunne gjere, særleg der botn er fast og hard og er påvekstmedium for korallar og andre fastsitjande organismar.
Eit unikt dilemma, etter vår erfaring
Statsforvaltaren ser verdien av å ha eit marint verneområde heilt utan taretråling og vern av naturmangfaldet på sjøbotnen. Kandidatområdet er likevel utvida kraftig sidan oppstarten, og vi har såleis bandlagt store areal frå tarehausting. Dilemmaet er også at andre taretrålingsfelt kanskje vil bli hardare hausta, jf. innspel frå Fiskeridirektoratet, dersom store areal blir bandlagt. Med eit haustingsområde innanfor det marine verneområdet kan vi overvake og skaffe meir kunnskap om korleis haustinga påverkar botnen og økosystemet. Med ein vernestatus vil vi lettare kunne framskaffe slike overvakingsdata.
Vi prioriterer å verne områda i sør grunna nasjonale verneverdiar med stortareskog og korallrev.
Det er sjeldan lokale stemmer ønskjer større og sterkare vern. Dersom Miljødirektoratet vurderer det best med ei ny, avgrensa høyring av eventuelle restriksjonar mot taretråling aust for Stålet, vil vi kunne leggje til rette for det.
Store naturverdiar under overflata
Farvatnet er delvis grunt, og har særeigne bølgjetilhøve på noko av den mest vêrharde kysten i Noreg. Det er nokre skjer i området, elles er farvatnet reint med ein sjøbotn som skrånar langsamt utover frå land. Kandidatområdet utgjer den inste delen av kontinentalsokkelen kring Stad, der dei mest landnære areala har ei djupne < 50 meter, og ytst mot storhavet er djupna kring 200 meter. Sør for Stadlandet inkluderer området ei aust-vestleg djupvassrenne frå Djupeskallen og inn på nordsida av Sildegapet. Dei sentrale delane av renna er ned mot 300 meter djup. Langs nordsida av renna er det ei bratt skråning og på sørsida av renna er det mange små rygger og åsar. På temasida vår om Stad kandidatområde for marint vern ligg dei biologiske kartleggingane for vidare lesing.
Området kring Stad inneheld også førekomstar av sokne torvmyrar. Dette er eit element som er spesielt og sjeldsynt i Noreg, sidan dette er eit av dei få kystavsnitta der havet har trengt inn over land etter den siste istida.
Stad kandidatområde for marint vern har naturkvalitetar som er å rekne som verdfulle i nasjonal og dels internasjonal samanheng. Området dekkjer viktige element i den nasjonale marine verneplanen som har hovudfokus på representativitet.
Det er ingen tvil om at norskekysten har store internasjonale naturfaglege kvalitetar, og Stad medverkar i høg grad til å understreke dette.
Kontaktpersoner
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47