Nye retningslinjer for planlegging i strandsona
Regjeringa har vedteke nye statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Retninglinjene understrekar at det er planlegging og ikkje dispensasjonar som skal avklare bygging i strandsona.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei nye retningslinjene for strandsona erstattar ein versjon frå 2011. For Vestland er det i stor grad ei vidareføring av dei tidlegare retningslinjene.
Soneinndelinga er den same som før
Kommunane i fylket er framleis delt i to soner, sone 2 og sone 3, med ulike retningslinjer basert på utbyggingspresset i strandsona. Dei reviderte retningslinjene er i stor grad dei same som tidlegare, men med anna utforming og med vesentleg vekt på omsyna som strandsonevernet skal ta vare på, dvs. natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Det er presisert at byggjeforbodet som hovudregel skal praktiserast strengt i planlegginga, og at kommunane skal unngå dispensasjonar i sentrale område der presset på areala er stort, dvs. i sone 2. I pressområda skal plan- og bygninglova sitt krav om reguleringsplan tolkast strengt.
Dei fleste kommunane i Vestland er plasserte i sone 3, dvs. i område med mindre press på areala. Strandsonevernet kan praktiserast noko meir liberalt her enn i sone 2, men hovudregelen er likevel at utbygginga skal avklarast gjennom arealdelen til kommuneplanen og ikkje gjennom dispensasjonar. I retningslinjene står det at utbygging berre skal tillatast etter ei konkret vurdering ut frå lokale tilhøve. Det vil m.a. sei ut frå byggjepress, omfang av tilgjengeleg strandsone og kva for verdiar som gjer seg gjeldande. Plan- og bygningslova sitt krav om reguleringsplan skal tolkast noko mindre strengt her enn i sone 2, men må vere i samsvar med kravet i lova.
Planlegging i staden for dispensasjonar
Retningslinjene er tydelege på at avklaring av arealbruken i strandsona skal skje gjennom planlegging, dvs. arealdelen til kommuneplanen og reguleringsplanar, og ikkje gjennom enkeltvise dispensasjonar. Kommunane skal leggje retningslinjene til grunn i planarbeidet, og vurdere strandsona i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv.