Statleg nivå
Statlege og regionale styresmakter ivaretek ei rekkje interesser og omsyn i arealforvaltninga. Fylkeskommunale og statlege fagetatar har rett og plikt til å medverke i planlegginga. Kommunane har på si side plikt til å søkje samarbeid med regionale styresmakter og innhente fråsegner frå dei som har ansvarsområde som vert omfatta av planarbeidet.
Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren har eit lovpålagt ansvar for å formidle nasjonal og regional areal- og miljøpolitikk, og sjå etter at nasjonale og viktige regionale interesser vert iveretekne i kommunale og fylkeskommunale planar. Statsforvaltaren skal også medverke til samordning av statlege interesser. Statsforvaltaren kan fremje motsegn mot planar som er i strid med nasjonale og viktige regionale interesser.
I plansakene formidlar Statsforvaltaren nasjonale og regionale føringar, særleg innanfor følgjande fagområde og tema:
-
naturmiljø
-
beredskap og samfunnstryggleik
-
landbruk
-
folkehelse
-
barn og unge sine interesser
-
universell utforming
-
kulturlandskap
-
friluftsliv
-
forureining
Statsforvaltaren er også klageinstans for kommunale vedtak etter plan- og bygningslova og er meklingsinstans ved motsegner i plansaker. Statsforvaltaren legg vekt på å skilje klart mellom politikkformidlinga og klage- og meklingsfunksjonen.
Planforum
Regionalt planforum er heimla i plan- og bygningslova § 5-3, og skal vere møteplass mellom kommunane og fagorgana på regionalt nivå. Leiing og sekreteriat er lagt til Vestland fylkeskommune ved plan og samfunnsavdelinga. Føremålet med planforum er m.a. å fremje meir effektive planprosessar og førebyggje konfliktar.
Meir informasjon om regionalt planforum finn du her.
Følgjande organ er fast oppsette deltakarar i planforum og skal møte når saka er relevant:
- Statens vegvesen, region vest
- NVE, region vest
- Fiskeridirektoratet, region vest
- Kystverket
- Jordskifterettane i Sogn og Fjordane og i Hordaland
- Statsforvaltaren i Vestland
- Vestland fylkeskommune