Gode kommuneplanar sikrar utbyggings- og miljøinteresser
Oppdaterte kommuneplanar gir grunnlag for ein meir berekraftig arealbruk i kommunane, og aktiv planlegging reduserer behovet for dispensasjonar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommuneplanen er styrande for all arealbruk i kommunane. Ei overordna og heilskapleg planlegging gjennom arealdelen til kommuneplanen er difor avgjerande for å sikre både utbyggings,- bruks- og verneinteresser.
Kommunane vinn på oppdaterte planar
Berre ni av 43 kommunar i Vestland har dei siste fire åra oppdatert den overordna arealplanen sin. Mange kommunar er i prosess med å revidere kommuneplanen. Vi legg spesielt merke til stor og positiv aktivitet i dei kommunane som vart nye frå 2020.
Sjølv om mange kommunar har mindre framdrift i rullering av kommuneplanen enn både vi og kommunane sjølve skulle ønskje, er hovudinntrykket vårt at det skjer mykje godt planarbeid. Til dømes har mange kommunar nyleg oppdatert samfunnsdelen av kommuneplanen, og fleire kommunar har no arealdelen av kommuneplanen til offentleg ettersyn.
Godt planverk gir færre dispensasjonssaker
Oppdaterte kommuneplanar er viktige både for å følgje opp nye føringar og for å treffe avgjerder til beste for den enkelte og for samfunnet. Kommunane må ta omsyn til naturverdiar, jordvern, strandsone, og interessene til barn og unge. I tillegg vil oppdatert planverk redusere talet på søknader og vedtak om dispensasjonar. I 2022 hadde vi hos Statsforvaltaren over 2300 dispensasjonssaker til klagevurdering. I tillegg gjer kommunane mange vedtak om dispensasjon som etter retningslinene ikkje treng sendast til oss.
Statsforvaltaren klagar i utgangspunktet berre på vedtak der det er klår konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser som vi skal vareta. Vi klaga på 154 av dispensasjonsvedtaka vi fekk til vurdering i 2022. Dei fleste klagane gjaldt dispensasjonar i strandsona, der det i utgangspunktet er eit direkte forbod i lova mot frådeling og tiltak. I denne sona står difor kravet om ei planmessig styring av arealbruken særleg sterkt.
Vi treng ein berekraftig arealbruk
Talet på dispensasjonssaker er svært høgt i Vestland samanlikna med andre delar av landet. I sum meiner vi at talet på dispensasjonar utfordrar måla om berekraftig arealbruk og undergrev overordna, juridisk bindande planar som styringsreiskap. Det er uheldig at både kommunane og regionale instansar brukar så mykje tid på handsaming av dispensasjonssaker at det går ut over ressursar vi heller burde bruke på å få på plass gode og oppdaterte planar. Statsforvaltaren ønskjer også å kunne få frigjort meir tid til rettleiing og oppfølging.
På fagdagar for nye lokale folkevalde ønskjer vi å utfordre både politisk og administrativt nivå i kommunane til å kome med framlegg om korleis vi kan få til ein betre balanse mellom planlegging på den eine sida, og dispensasjonshandsaming av enkeltsaker på den andre. Vi er i kontakt med KS for å få til eit best mogleg opplegg for slike fagdagar i første halvår av 2024.