Analyse av uønskte hendingar innan oppdrettsnæringa
I 2018 publiserte Fylkesmannen i Hordaland ein revidert ROS-analyse av uønskte hendingar innan fiskeoppdrettsnæringa. I kjølvatnet av hendinga med algeoppblomstringar og massedød av oppdrettsfisk i Nordland og Troms er analysen meir aktuell enn nokon gong.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Analysen tok føre seg eit scenario som er lagt til Sunnhordland og Hardanger. Scenarioet handlar om ei omfattande oppblomstring av giftige algar som fører til massedød av oppdrettsfisk. Føremålet med analysen var mellom anna å belyse beredskapsmessige utfordringar med fiskeoppdrettsnæringa, skildre rolle- og ansvarsforhold ved krisehandtering og vurdere risikoen som knyter seg til slike hendingar. Analysen vart leia av Fylkesmannen og gjort i samarbeid med Fiskeridirektoratet (region Vest), Mattilsynet (region Sør og Vest), Hordaland fylkeskommune, Havforskningsinstituttet og representantar frå næringa.
Kontaktpersoner
-
Lene Stavseng
Tlf: 55 57 21 22