Informasjon om utbrotet av koronavirus
Her er generelle råd frå helsestyresmaktene og oversikt over informasjonskjelder hjå sentrale styresmakter.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ei samla oversikt over våre nyhendesaker om koronaviruset, finn du her.
For oppdatert informasjon om tiltak og råd til befolkninga sjå helsenorge.no.
Oversikt over tal smitta og innlagde pasientar på sjukehus
Folkehelseinstituttet publiserer dagleg rapportar som mellom anna viser tal på meldte smittetilfelle fordelt på fylke og kommunar.
Helsedirektoratet publiserer dagleg oversikt over talet på pasientar som er innlagt på norske sjukehus.
Kvar finn du meir informasjon?
- Informasjon til publikum: du finn oppdatert informasjon på helsenorge.no.
- Smittevernråd for ferie og reise: Sjå Folkehelseinstituttet.
- Reiseråd: Sjå Helsenorge og Utanriksdepartementet.
- Informasjonstelefon: 815 55 015
Helsedirektoratet sin informasjonstelefon kan kontaktast ved spørsmål om koronavirus. Dei oppmodar om å lese informasjon på nett før ein ringer informasjonstelefon. Ved symptom eller mistanke om smitte: ring legevakt (tlf.nr: 116117). - Råd og rettleiarar for offentlege aktørar: Sist oppdaterte råd og informasjon til helsepersonell (koronaveilederen) ligg på nettsidene til Helsedirektoratet.
Oppdaterte råd om bruk av beskyttelsesutstyr/smittevernutstyr (FHI). - Helse-, omsorgs- og sosialtenester: Statsforvaltaren publiserer jamleg artiklar på denne sida.
- Informasjon til skular, SFO og barnehagar: Sjå informasjon hjå Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet. Statsforvaltaren publiserer òg jamleg artiklar knytt til barnehage og opplæring.
- Informasjonsmateriell - plakatar og informasjonsskriv: Plakatar om smittevern som er å sjå på m.a. offentleg transport og flyplassar, på skular og i barnehagar er publisert på Helsedirektoratet sine nettsider.
FHI har publisert illustrasjonsplakatar om korrekt bruk av medisinsk munnbind og tøymunnbind, plakatar med foto og plakatar med informasjon på ei rekkje ulike språk.
Enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak
God hoste- og handhygiene er blant enkle, men viktige tiltak for å avgrense og forseinke smittespreiing av koronavirus. På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du oppdaterte råd om hand- og hostehygiene, bruk av munnbind, reingjering og klesvask.
Myndigheitene oppmodar alle om å gjere enkle smitteverntiltak for å ta omsyn og avgrense smittespreiing. Det er særleg viktig å ta omsyn til dei som har anna sjukdom og redusert helsetilstand, og som vil kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta av koronavirus eller influensa.
Statsforvaltarens ansvar og rolle
Statsforvaltaren er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi vidareformidlar informasjon frå sentrale styresmakter til kommunane i Vestland og melder innspel og spørsmål frå kommunane tilbake til nasjonalt nivå. Vi har tett dialog med kommunane og aktørar i fylket på regionalt nivå.
Vi skal vere merksame på smittevernet i fylket, ha oversikt over og kunnskap om lokale smittevernplanar, og yte bistand ved behov.
Referat frå møte med kommunane og møte i fylkesberedskapsrådet blir fortløpande publisert på nettsidene våre.
Kontaktpersoner
-
Martin Haugen
Tlf: 55 57 22 21 -
Karianne Flaatten
Tlf: 55 57 22 26