Situasjonen ved Zaporizhzhia kjernekraftverk i Ukraina
Det er så langt ikkje meldt auka strålenivå etter dei harde kamphandlingane i området ved Zaporizhzhia kjernekraftverk sør i Ukraina.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Direktoratet for Strålevern og atomtryggleik (DSA) sendte i natt ut melding om harde kamphandlingar i området ved Zaporizhzhia kjernekraftverk sør i Ukraina. Ukrainske styresmakter har meldt om skadar på anlegget og at russiske soldatar skal ha tatt seg inn i administrasjonbygget.
Sjølve reaktorene ved anlegget skal ikkje være skadd, og ukrainske styresmakter melder at den nukleære tryggeiken framleis er intakt. Det er ikke registrert auka strålenivå i området.
Statsforvaltarane deltok på eit informasjonsmøte med DSA i dag kl. 09.00. Situasjonen er generelt uoversiktleg og ustabil, men at atomtryggleiken likevel er under kontroll.
Organiseringa av atomberedskapen i Noreg er bygd opp omkring Kriseutvalet for atomberedskap. Utvalet hadde eit møte i dag tidleg for å få orientering og drøfte situasjonen. Det konkluderte med at omstenda så langt ikkje gir grunn til å ha nye møte no.