Tilbod til barn og unge med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester

Søknadsfrist:
31. mars 2022 23:59
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem som har behov for utgreiing, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting og deira familiar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
14. mars 2022 23:59

Tilskotet skal bidra til å styrke tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig, tilpassa og/eller samansett oppfølging. Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2021 er oppdatert til 14. mars. 

Publisert 09.02.2022, Oppdatert 14.03.2022

Tenestetilbodet skal utviklast og setjast i verk saman med brukarar/pasientar. 

Søknad om tilskot 2022

Regelverket for ordninga er endra på fleire punkt og vi oppmodar difor om å lese regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

Søkarar til FACT-ung team må setje seg grundig inn i FACT-modellen. Sentrale komponentar i FACT-ung finn de under punkt 4 i regelverket. Sjå også webinar om FACT Ung, som du kan sjå hos NAPHA.

Søknadsskjema og regelverk finn de under fana «Dokument».

Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til:  sfvlpost@statsforvalteren.no innan 31. mars 2022.

Les meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.

Rapportering på tilskot 2021

Skjema for rapportering finn de under «Dokument».  

Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 14. mars 2022.

Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 31. mars 2022.

Søknadsfrist:
31. mars 2022 23:59
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem som har behov for utgreiing, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting og deira familiar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
14. mars 2022 23:59