Verjemålslova definerer framtidsfullmakt slik:
«En framtidsfullmakt er en fullmakt til én eller flere personer om å representere fullmaktsgivaren etter at fullmaktsgivaren på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta interessene sine innen de områda som omfattes av fullmakten.»
Dersom du vel å opprette ei framtidsfullmakt, er det du som er «fullmaktsgivar». Personen du vel til å ta hand om interessene dine, blir omtala som «fullmektig» eller «framtidsfullmektig». Ordninga er i utgangspunktet gratis og du kan sjølv skrive framtidsfullmakta. Dersom du vel å få hjelp hjå ein advokat, må du betale advokaten for arbeidet.
Framtidsfullmakt eit privatrettsleg alternativ til vanleg verjemål. Dersom du planlegg å skrive ei framtidsfullmakt, tilrår vi at du tek deg tid til å lese gjennom heile teksten før du begynner. Deretter kan du bruke lenkene nedanfor til å navigere fram og tilbake i innhaldet.
Innhald og utforming av ei framtidsfullmakt
Avgjer kva fullmakta skal regulere
Kva bør du særleg passe på når du skriv framtidsfullmakt?
Kva gjer eg etter at fullmakta er oppretta?
Når framtidsfullmakta trer i kraft
Stadfesting av fullmakta
Alternativ for deg som treng hjelp til å ta avgjerder, men som ikkje har skrive framtidsfullmakt
Kva betyr det at du opprettar ei framtidsfullmakt?
Ei framtidsfullmakt kan heilt eller delvis erstatte verjemål. Ei framtidsfullmakt gjer det til ein viss grad mogleg for deg å bestemme sjølv også etter at du ikkje lenger er i stand til å ta stilling til spørsmål på eigne vegner. Dersom framtidsfullmakta dekkjer behova dine, blir det ikkje nødvendig å utnemne ei verje sjølv om du ein gang i framtida skulle bli så sjuk at du ikkje lenger er i stand til å ta hand om dine eigne interesser.
Kven kan opprette ei framtidsfullmakt?
Du må ha fylt 18 år og ha evne til å forstå betydninga av fullmakta. Det betyr at du må skrive fullmakta mens du enno har full forståing for innhaldet i fullmakta du gir til ein annan person. Så lenge du har denne forståinga, kan du også trekkje tilbake ei oppretta framtidsfullmakt, eller velje å skrive ei ny framtidsfullmakt.
Kven kan vere fullmektig?
Ein framtidsfullmektig må ha fylt 18 år på tidspunktet framtidsfullmakta skal brukast, og fullmektigen kan ikkje sjølv ha verje.
Fullmektigen må vere éin eller fleire fysiske personar. Du kan ikkje peike ut til dømes eit advokatfirma eller eit rekneskapsbyrå som fullmektig, men det er likevel mogleg å velje ein namngitt advokat eller rekneskapsførar, fordi dei er fysiske personar. Andre døme på moglege fullmektigar kan vere ektefelle, sambuar, barn, søsken, barnebarn, venn eller ein anna person du føretrekkjer. Livssituasjonen til fullmektigen kan endre seg frå framtidsfullmakta blir oppretta og fram til ho seinare skal brukast. Det kan derfor vere fornuftig å peike ut ein fullmektig nummer to, som kan tre inn dersom den føretrekte fullmektigen blir forhindra.
Som fullmaktsgivar står du fritt til å velje fullmektig, men det er viktig å velje ein person du har særleg tillit til. Fullmektigen må vere éin eller fleire fysiske personar. Du kan til dømes ikkje velje eit advokatfirma eller eit rekneskapsbyrå som fullmektig, men det er likevel mogleg å velje ein namngjeven advokat eller rekneskapsførar, fordi dei er fysiske personar. Andre døme på moglege fullmektigar kan vere ektefelle, sambuar, barn, søsken, barnebarn, ven eller en annan person du har full tillit til.
Hugs å spørje om vedkommande er villig til å ta hand om interessene dine dersom du skulle trenge det. Fullmaktsgivar og fullmektig må også avtale oppbevaring av fullmakta, men dette kjem vi tilbake til.
Innhald og utforming av ei framtidsfullmakt
Absolutte krav til ei framtidsfullmakt
Framtidsfullmakta må vere skriftleg, og det må gå klart fram at fullmakta er meint å ha en framtidsverknad. Det betyr at fullmakta må vere tydeleg på at ho skal gjelde etter at du har vorte så fysisk og/eller mentalt svekka at du ikkje lenger sjølv greier å ta hand om dine eigne interesser på dei områda som fullmakta regulerer.
Framtidsfullmakta skal vere underteikna av to vitne som du (fullmaktsgivaren) har godtatt. Desse krava blir stilte til vitna:
- Vitna må ha fylt 18 år.
- Vitna må forstå betydninga av å underteikne.
- Fullmektigen sjølv, fullmektigens ektefelle, sambuar, foreldre, barn og barnebarn kan ikkje underteikne som vitne.
Vi frårår deg å velje vitne som kan ha eigeninteresse i at du opprettar framtidsfullmakt. Eit typisk eksempel er dersom framtidsfullmakta seier at eit eller begge vitne skal få gåver eller forskot på arv etter at framtidsfullmakta har tredd i kraft. Barna dine eller søsken av fullmektigen er ofte eit uheldig val når du skal finne vitne.
Det er ikkje nok at vitna underteiknar dokumentet. Det blir òg stilt krav om at du som fullmaktsgivar underteiknar fullmakta – alternativt vedkjenner deg underskrifta di – medan vitna er til stades. Underskrifta til vitna skal påførast medan du sjølv er til stades, og det skal vere ditt ønske at fullmakta blir underskriven.
Vitna må vere kjende med at dokumentet er ei framtidsfullmakt, men treng ikkje vite innhaldet i fullmakta. Vitna har ansvar for å stadfeste at fullmaktsgivar opprettar framtidsfullmakta av fri vilje og at fullmaktsgivar er i stand til å forstå betydninga av å opprette framtidsfullmakt. Ved å ta på seg oppgåva som vitne på ei framtidsfullmakt har du eit ansvar som er større enn å berre bekrefte signaturen til fullmaktsgivar. Det er viktig at vitna er kjende med dette ansvaret. Underskrifta til vitna er ein viktig tryggleiksmekanisme i framtidsfullmakt-ordninga. Vitna skal ikkje underteikne med utgangspunkt i at du på eit tidlegare tidspunkt har gitt uttrykk for at du ønskjer å opprette en framtidsfullmakt.
Framtidsfullmakta bør dessutan innehalde:
- Dato for når fullmakta vart oppretta. Datoen på framtidsfullmakta kan vere avgjerande dersom det oppstår tvil om at du var i stand til å forstå betydninga av fullmakta på det tidspunktet då ho vart oppretta.
- Opplysningar om fødselsdato og adresse/kontaktinformasjon til vitna. Framtidsfullmakta bør også opplyse om kva relasjon vitna har til deg. Opplysningar om relasjon kan bidra til å avklare om vitna er habile eller inhabile med tanke på innhaldet i framtidsfullmakta. Døme på relasjon kan vere nabo, kollega, venn osv. Vitne blir ikkje alltid kontakta, men det kan vere tenleg å ha kontaktinformasjon dersom det blir stilt spørsmål ved om fullmakta er gyldig.
- Det bør gå fram at vitna, ved å skrive under på framtidsfullmakta, stadfestar at du har oppretta framtidsfullmakta av eigen fri vilje og at du, som fullmaktsgivar, forstod innhaldet og betydninga då du underteikna fullmakta.
- Dersom det er fleire fullmektigar, bør ansvarsområdet til kvar enkelt fullmektig gå klart fram i fullmakta. Dersom du for til dømes ønskjer at ein av fullmektigane skal gjere daglegdagse disposisjonar som typisk betaling av utgifter, men at større avgjerder som til dømes sal av eigedom skal gjerast av fullmektigane i fellesskap, bør dette vere tydeleg skrive i fullmakta.
Avgjer kva fullmakta skal regulere
Det er du sjølv som bestemmer kva framtidsfullmakta skal regulere. Fullmakta kan omfatte både økonomiske og personlege forhold, eller ho kan vere avgrensa til å gjelde nokre få forhold, som til dømes sal av bustad og betaling av rekningar. Ei framtidsfullmakt gir gode høve til å lage gode løysingar for akkurat deg. For å unngå tolkingstvil er det viktig å skrive så presist som mogleg kva disposisjonar fullmektigen skal ha rett til å gjere. Eit viktig råd er å skrive framtidsfullmakt medan du framleis er frisk nok til å tenkje gjennom korleis du ønskjer å ha det. Vi rår deg frå å skrive framtidsfullmakt berre av omsyn til pårørande, eller at du skriv framtidsfullmakt etter påtrykk frå pårørande eller andre.
Økonomiske forhold kan til dømes vere å betale rekningar, handtere løpande inntekter og utgifter, handtere ulike gjeldsforhold, kjøpe og selje verdipapir, opprette eller avslutte bankkontoar, drift eller utleige av fast eigedom eller drift av næringsverksemd.
Personlege forhold omfattar i utgangspunktet det å representere deg på alle vis og å sikre at du får dei rettane du har krav på. Du kan til dømes velje kven som skal representere deg overfor Nav, kommune og sjukeheim. Da vil fullmektigen kunne søkje om tenester og ytingar frå det offentlege og klage på vedtak. Personlege forhold kan til dømes vere at du vil du lengst mogleg heime, at du vil ha med bestemte gjenstandar til sjukeheimen eller at det skal brukast pengar på sydenturar eller kulturelle arrangement som du pleier å ha glede av. Fullmakt til å rydde opp i digitale tilgangar vil også vere eit personleg forhold.
Enkelte ønskjer også å bestemme kven som skal bli rekna som næraste pårørande. Viss du ønskjer å bestemme kven som skal vere din næraste pårørande, må du skrive det i framtidsfullmakta. Personen vil da få rettane som ein nærståande har ifølgje helselovene (helsenorge.no). Du kan likevel ikkje gi fullmektigen rettar som vedkommande ikkje ville hatt som nærståande på dette området.
Dersom du ønsker hjelp og rettleiing for å sikre at framtidsfullmakta i størst mogleg grad skal dekkje det framtidige hjelpebehovet ditt, anbefaler vi at du tek kontakt med ein advokat. Det er uansett viktig at du sjølv tenkjer gjennom korleis du ønskjer det når du ikkje lenger er i stand til å ta hand om eigne interesser. I mange tilfelle ser Statsforvaltaren at det oppstår eit større hjelpebehov enn det som er omtala i framtidsfullmakta. Du kan sjølvsagt velje å avgrense fullmakta, men det bør i så fall vere et bevisst val.
Kva bør du passe særleg på når du skriv framtidsfullmakt?
Sal eller overføring av fast eigedom/andel i burettslag
Viss fullmektigen skal kunne selje eller overdra eigedom, må det tydeleg gå fram i framtidsfullmakta. Tilsvarande gjeld også andre disposisjonar av eigedom, til dømes om du ønskjer at fullmektigen skal kunne leige ut eigedom.
Det er Kartverket som tinglyser sal og overføringar av eigedommar i Noreg. Dersom ein eigedom skal seljast eller overførast med utgangspunkt i ei framtidsfullmakt, stiller Kartverket krav om at framtidsfullmakta har informasjon om dette. Det er ikkje nødvendig at fullmakta spesifiserer konkrete eigedomar, for fullmaktsgivar gjerne kan ha skifta bustad/eigedom i tida frå fullmakta vart skriven og til ho trer i kraft.
Spesielt om gåvedisposisjonar
Ofte ønskjer fullmaktsgivar at fullmektigen skal kunne gje vanlege gåver til nærståande, typisk i høve bursdagar og jul. I ein del tilfelle kan det bli uklart kor stor gåva skal vere og kven som skal få gåver. For å unngå tvil bør du skrive tydeleg kva gåva skal vere og kven som skal få slike gåver. Dette er spesielt viktig når fullmektigen skal gje gåver som er litt på sida av det som vert rekna som vanlege gåver.
Nokre døme på kva du IKKJE kan regulere med ei framtidsfullmakt
Ein fullmektig kan ikkje få fullmakt til «å stemme ved valg, inngå ekteskap, erkjenne farskap, samtykke til donasjon av organer, opprette eller tilbakekalle testament eller samtykke til tvang og kompetanse i andre særlig personlige forhold […] uten særskilt hjemmel i lov», jamfør paragraf 80 tredje ledd i verjemålslova.
Kva skjer dersom fullmektigen blir inhabil?
Fullmektigen kan i utgangspunktet ikkje ta hand om fullmaktsgivars interesser i spørsmål der fullmektigen er inhabil. Fullmektigen er inhabil dersom vedkommande har, eller kan ha, ei eigeninteresse i saka. Dette gjeld også dersom fullmektigens næraste har, eller kan ha, eigeninteresse i saka. Fullmektigen skal da kontakte Statsforvaltaren slik at vi kan oppnemne verje til å ta hand om problemstillinga der fullmektigen er inhabil. Det kan for eksempel vere aktuelt dersom fullmektigen og hans/hennar næraste familie ønskjer å kjøpe eigendommen til fullmaktsgivar. Eit anna døme vil vere utdeling av forskot på arv eller større gåver til fullmektigen og fullmektigens familie.
Dette vil likevel ikkje vere aktuelt dersom du sjølv bestemmer at fullmektigen skal kunne representere deg også når vedkommande har ei interesse i spørsmålet som skal avgjerast. Det må da klart gå fram av framtidsfullmakta kva fullmektigen kan gjere på dine vegner, og kva avgrensingar som eventuelt gjeld. Alternativt kan du i framtidsfullmakta bestemme at ein annan person skal kunne tre inn og avgjere i slike spørsmål.
Om ikkje noko anna er avtalt eller fastsett i fullmakta, kan fullmektigen dekkje sine nødvendige utgifter av midlane til fullmaktsgivar. Fullmektigen kan, når det er rimeleg, også rekne seg et passande vederlag om ikkje noko anna er avtala eller fastsett i fullmakta. Ein fullmektig kan gi vanlege gåver på vegner av fullmaktsgivar. Andre gåver kan fullmektigen gi berre dersom det er spesifikt skrive i fullmakta.
Kva skjer dersom framtidsfullmakta ikkje dekkjer behova dine?
Statsforvaltaren ser ofte at framtidsfullmakter er avgrensa til å gjelde sal av bustad, arveforskot og betaling av rekningar. Dersom du skulle bli råka demens eller anna alvorleg sjukdom og ikkje lenger kan ta hand om dine eigne interesser, er det fleire avgjerder som må takast. Dersom framtidsfullmakta er svært kort og avgrensa, kan løysinga vere at du må ha eit verjemål (parallelt med framtidsfullmaktsforholdet).
Kva gjer du etter at framtidsfullmakta er oppretta?
Vurder om du skal skaffe deg ei legeerklæring
For enkelte kan det vere lurt å gå til fastlegen og få ei legeerklæring så snart fullmakta er skriven. På den måten kan du unngå at det seinare oppstår tvil om at du forstod innhaldet i framtidsfullmakta og betydninga av å opprette ho. Legeerklæringa må stadfeste at du forstår betydninga av fullmakta på dei områda ho regulerer. Dette er særleg viktig dersom du har ein begynnande kognitiv svikt på tidspunktet då du skreiv under på framtidsfullmakta. Ta gjerne med framtidsfullmakta til legen slik at du og legen kan snakke om innhaldet i fullmakta. Det vil gjere det lettare for legen å vurdere om du forstår betydninga av innhaldet i fullmakta. Ei legeerklæring er uansett en enkel måte å forsikre seg om at det ikkje seinare blir stilt spørsmål ved om framtidsfullmakta er gyldig, til dømes om du skulle bli råka av alvorleg sjukdom som utviklar seg raskt.
Når du går til legen, får du dekt mesteparten av utgiftene dine til helsetenester. Vanlegvis betalar du en eigendel som tel med i oppteninga til frikort. Når du ber legen skrive ein helseattest, må du rekne med å betale heile kostnaden sjølv. Utgifter til helseattest tel heller ikkje med i oppteninga til frikort.
Oppbevaring, registrering og førehandsgodkjenning av framtidsfullmakt
Som fullmaktsgivar er du sjølv ansvarleg for at framtidsfullmakta i original blir oppbevart trygt, gjerne i ein safe eller liknande. Du må avtale med fullmektigen kvar framtidsfullmakta skal liggje slik at vedkommande har tilgang til originalen når fullmakta eventuelt skal tre i kraft og brukast. Alternativt kan du lage fleire originaldokument, og spesifisere i framtidsfullmakta at det for eksempel er oppretta to originalar. Fullmaktsgivar og fullmektigen kan da oppbevare kvar sin original, viss du som er fullmaktsgivar meiner det er ei god løysing.
Det eksisterer ikkje noko oppbevaringsløysing for framtidsfullmakter, slik det gjer for testamente. Statsforvaltaren kan ikkje registrere eller oppbevare framtidsfullmakter. Framtidsfullmakta skal først sendast til oss først når ho skal brukast og fullmektigen ønskjer å søke om stadfesting hjå Statsforvaltaren. Dersom du har få eller ingen nære pårørande, kan det vere lurt å informere fastlegen om at du har oppretta ei framtidsfullmakt og kven du har utpeikt som fullmektig.
Statsforvaltaren kan heller ikkje førehandsgodkjenne ei framtidsfullmakt. Som fullmaktsgivar har du sjølv ansvar for at framtidsfullmakta er gyldig , og at ho dekkjer det framtidige hjelpebehovet ditt og ønske om støtte. Dersom fullmakta blir skriven lenge før ho eventuelt trer i kraft, kan det vere fornuftig å lese gjennom framtidsfullmakta med jamne mellomrom. Dersom du ønskjer rettleiing og hjelp til utforminga av innhaldet i fullmakta, bør du kontakte ein advokat.
Informasjonen nedanfor rettar seg først og fremst mot fullmektigen, altså den personen som skal ta hand om interessene dine. Det kan uansett vere lurt at du som skriv framtidsfullmakt, også leser gjennom informasjonen nedanfor.
Når framtidsfullmakta trer i kraft
Når trer framtidsfullmakta i kraft?
Verjemålslova seier at framtidsfullmakta trer i kraft når fullmaktsgivar «på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta interessene sine» i forhold som er omfatta av framtidsfullmakta.
Dersom du som fullmektig er usikker på om framtidsfullmakta har tredd i kraft, kan du kontakte Statsforvaltaren for å få rettleiing. Du kan også ta kontakt med fastlege, behandlande lege eller tilsynslege og be om at vedkommande lege vurderer fullmaktsgivars evne til å forstå fullmaktas betydning og/eller tek stilling til om fullmaktsgivars helse er så alvorleg svekt at framtidsfullmakta trer i kraft.
Stadfesting av fullmakta
Ofte kan det vere behov for å få Statsforvaltarens stadfesting på at framtidsfullmakta har tredd i kraft. Ei stadfesting er ei anerkjenning av at framtidsfullmakta har byrja å verke.
Den som har fått fullmakta kan velje å sende den til Statsforvaltaren for å få stadfesta at fullmakta har tredd i kraft. Statsforvaltaren kan ikkje stadfeste ei fullmakt som ikkje har tredd i kraft. Med andre ord skal ikkje statsforvaltaren ha framtidsfullmakta til behandling før ho har byrja å verke.
Stadfesting kan gjere det lettare for deg som fullmektig å representere fullmaktsgivaren overfor tredjepersonar, men ei framtidsfullmakt vil òg tre i kraft og byrje å verke utan stadfesting. Føresetnaden er at fullmakta er gyldig oppretta og at fullmaktsgivar ikkje lenger er i stand til å vareta sine interesser på grunn av alvorleg svekt helse.
Enkelte instansar krev at framtidsfullmakta må vere stadfesta før dei vil godta at fullmektigen handlar på vegner av fullmaktsgivar. Viss du skal selje eller overføre eigedom på vegner av fullmaktsgivaren, bør du søkje om stadfesting. Kartverket krev nemleg stadfesting frå Statsforvaltaren, og det kan vere lurt å søkje om dette i god tid før sal eller overføring. Då unngår du at prosessen stoppar opp fordi du må vente på saksbehandlinga hos oss. Fleire bankar og tingrettar krev også stadfesting frå Statsforvaltaren.
Dersom vi stadfestar framtidsfullmakta, får du tilsendt ein attest som du kan legge frem når du tek hand om fullmaktsgivars ønske og behov. Vi syter for at framtidsfullmakta blir tinglyst og registrert i aktuelle register. Vi kan også stadfeste vedvarande fullmakter.
Kva må fullmektigen gjere for å søkje Statsforvaltaren om stadfesting av ei framtidsfullmakt?
For at Statsforvaltaren der du bur skal kunne ta stilling til om framtidsfullmakta kan stadfestast eller ikkje, må fullmektigen sende inn:
- Utfylt søknad om stadfesting av framtidsfullmakt
- Framtidsfullmakta i original
- Dokumentasjon på at pårørande til fullmaktsgivar er varsla om innhaldet i framtidsfullmakta og at framtidsfullmakta har tredd i kraft. Dokumentasjonen skal helst vere signert av dei pårørande og skal sendast inn saman med søknadsskjemaet.
- Legeerklæring som har informasjon om:
- diagnose/diagnosar som fullmaktsgivar har og som er relevante for at framtidsfullmakta skal tre i kraft
- fullmaktsgivars evne til å ta hand om personlege og økonomiske interesser
- om det er slik at eventuell manglande evne til å ta hand om eigne interesser har samanheng med diagnosen/diagnosane til fullmaktsgivaren
- legens vurdering av fullmaktsgivars tilstand og evne til å forstå innhaldet i fullmakta
Statsforvaltaren ønskjer dessutan at legen sender inn legeerklæring eller journalopplysningar som gir informasjon om fullmaktsgivars evne til forstå betydninga av fullmakta på det tidspunktet då framtidsfullmakta vart skriven. Dette er særleg viktig dersom fullmaktsgivar hadde høg alder på det tidspunktet da framtidsfullmakta vart skriven, og det går relativt kort tid før fullmakta trer i kraft, eller i tilfelle der fullmaktsgivar hadde ein begynnande kognitiv svikt på tidspunktet da fullmakta vart skriven. Dersom Statsforvaltaren ikkje får inn helseopplysningar om fullmaktsgivars evne til å forstå betydninga av fullmakta på tidspunktet då fullmakta vart skriven, må du rekne med at saksbehandlinga tek lengre tid.
Alternativ for deg som treng hjelp til å ta avgjerder, men som ikkje har skrive framtidsfullmakt
Stadig fleire vel å skrive ei framtidsfullmakt, og for mange kan framtidsfullmakt vere ei god løysing. Føresetnaden er at du gir framtidsfullmakta til ein person du har full tillit til og at denne personen er i stand til å utføre oppgåvene du har teke med i framtidsfullmakta.
Dersom du ikkje har nære pårørande eller andre tillitspersonar som kan ta på seg ei slik oppgåve, kan andre hjelpeordningar vere ei betre løysing for deg. Ordninga med framtidsfullmakt byggjer nemleg på at du har full tillit til den personen du peikar ut som fullmektig.
Vergemål og andre typar fullmakter kan vere gode ordningar for personar som treng støtte til å ta avgjerder.
Sivilrettsforvaltninga har god informasjon om ulike typar støtte til å ta avgjerder.