Vegvisar i planlegging og miljøforvaltning

Med nettstaden Miljøkommune.no ønskjer miljøstyresmaktene å gi kommunane oppskrifter og råd om korleis dei bør handtera plan og miljøvernsaker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.07.2013

-Kommunane har eit omfattande ansvar og styresmakt på miljøområdet, og dei gjer ein god jobb med å følgje opp eit omfattande lovverk, seier seksjonssjef Linda Aaram hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Aaram trur den nye nettstaden vil bli eit viktig verktøy for kommuane i framtida.
-Miljøkommune.no samlar rettleiing frå alle etatane under MD. Vi håpar at nettstaden både kan vere til hjelp for kommunane, og til avlastning for fylkeskommunen og fylkesmannen i arbeidet med å rettleie kommunane, seier Aaram.

Dette inneheld Miljøkommune.no
Miljøkommune.no har fokus på kommunen sitt arbeid i rolla som miljøstyresmakt etter lovverket. Her finn du:

  • Oversyn over kommunane si styresmakt og plikt etter miljølovverket. Retta inn mot sakshandsamarar, politikarar, miljøinteresserte og andre som har trong for å orientere seg i kva lovverket seier.
  • Praktiske rettleiarar om korleis dei konkrete styresmakt- og pliktoppgåvene på miljøområdet kan løysast. Det er utarbeidd brevmalar og sjekklister for ulike arbeidsprosessar på nokre saksområde. Alle brevmalar vil kome på nynorsk innan hausten. Retta inn mot sakshandsamerar i kommunane.
  • Ordforklaringar, lenkjer til nyttige kart, databasar og andre instansar sine nettsider.
  • Nyhendebrev med oppdateringar om lovendringar, nye rettleiingar og andre nye ressursar.

Linda Aaram ser for seg at Miljøkommune.no blir den viktigaste rettleiingskanalen mellom statlege styresmakter og kommunane på miljøområdet.
-Her er det lagt til rette for rettleiing innan forureining, friluftsliv, klima, kulturminne, miljøvern i landbruk, motorferdsel, naturforvaltning og planlegging. All rettleiing innan kommunanes miljømynde og oppgåver etter lovverket skal kommunane no finne samla på Miljøkommune.no.

Samarbeid
Det er Miljøverndepartementet som eig nettstaden. Miljøverndepartementet si planavdeling og fire etatar – Miljødirektoratet, Kartverket, Riksantikvaren og Statens strålevern – samarbeider om innhaldet. Miljødirektoratet har rolla som prosjektleiar.Kommunane sitt ansvar i rolla som verksemd blir fortsatt dekt av nettstaden www.regelhjelp.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.