Det store bymøtet
Fylkesmannen hadde møte med dei tre største bykommunane våre til ein dialog kring kommunereforma.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 17.06.2015
Fylkesmannen tok initiativ til å invitere dei tre største bykommunane til eit felles møte med tema kommunereform. Ulike tema var diskutert, mellom anna byen som regional motor, planarbeid, inndelingslova og generelle utfordringar for byane.
Representantar frå regionråda i fylket, KS og Møre og Romsdal fylke var og tilstades i møtet. På slutten av dagen fekk heile gjengen utveksle både meiningar og erfaringar om viktige tema.