- Matglede er god eldreomsorg
Ei engasjert Sylvi Listhaug opna inspirasjonsdagen som vart arrangert i samband med konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk".
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte kokkar og andre tilsette på sjuke- og aldersheimar i fylket til Klippfiskakademiet i Ålesund.
Det store spørsmålet var «korleis kan gode matopplevingar skape meir trivsel og betre helse for eldre på institusjon?». Gjennom ulike foredrag og kafedialog fekk deltakarane innspel på korleis ein kan gjere matkvardagen enda betre for dei eldre på institusjonane.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opna inspirasjonsdagen. Det er ho som har teke initiativ til å invitere sjuke- og aldersheimar i heile landet til å delta i konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk". Målet med den er å løfte fram dei kjekke måltidsstundene, samt gjere noko med situasjonen der mange eldre slit med underernæring.
Konkurransen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og alderheimar.
Marit Røttingsnes Westlie, kjent som Fru Timian var neste ut på programmet. Ho har gitt ut åtte matbøker og har ein av dei mest populære matbloggane i landet.
Ho var tydleg engasjert i saka og holdt nesten på å sprekke av "sinne" over at nærare alle alders- og sjukeheimar har kvitt og kjedeleg servise. Ho meinte at porselenstallerken med rosemåling var meir innbydande for dei eldre.
Ho meinte at dei eldre fortener "litt søndagsmiddag" heile veka. Ho meinte og at fargar, smak, utsjånad, lukt og størrelse på porsjonane har stor betydning for måltidsopplevinga.
Etter ei god lunsj på Klippfiskakademiet snakka prosjektleiar Harald Osa i Bama om korleis ein kan inspirere og leggje til rette for auka fokus på måltidsopplevingar for eldre og sjuke.
På slutten av dagen fekk konferansedeltakarane komme med innspel til temaet gjennom kafedialog og gruppearbeid.
Les meir om konkurransen Gylne måltidsøyeblikk HER.