Endringar i barnevernslova frå 1. juli 2018
Barnevernslova er endra for å betre rettstryggleiken til barn og foreldre. Lova gir barn rett på tenester, styrka medverknad og kjærleik kjem inn i lovteksten.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rett på tenester
Barnets rett til nødvendig barnevernstiltak er lovfesta.
Styrker barns medverknad
Barnets sjølvstendige rett til å medverke i alle forhold som gjeld barnet er tydelegare.
Kjærleik inn i lova
Formålsregelen er endra for å bidra til at barn skal bli møtt med tryggleik, kjærleik og forståing.
Oppfølging av barn og foreldre
Korleis barneverntenesta skal følgje opp barn og foreldre etter at barnet er flytta ut av foreldreheimen er tydelegare.
Barnets familie/nære nettverk involverast
Barnevernstenesta si plikt til å vurdere om nokon i barnets familie eller nære nettverk kan vere fosterheim er lovfesta.
Betre dokumentasjon
Å leggje bort bekymringsmeldingar og undersøkingssakar skal grunngjevast skriftleg.
Klargjering og forenkling av reglane om opplysningsplikt
Reglene om opplysningsplikt til barnevernet blir endra, både i barnevernlova og i andre særlover. Endringane skal klargjere og forenkle føresegna slik at de blir lettare å bruke for dem som er omfatta av opplysningsplikta.
Lovendringane bygger på forslag frå Barnevernlovutvalget si innstilling NOU 2016: 16 Ny barnevernslov sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse.
BLD skal vurdere resten av utvalets forslag og vil sende et forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019.