E-læring: barnehagefagleg grunnkompetanse
E-læring i barnehagefagleg grunnkompetanse er eit interaktivt tilbod til assistentar og andre tilsette i barnehagar. Tilbodet er gratis og lett tilgjengeleg frå både mobiltelefon og datamaskin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målgruppa for barnehagefagleg grunnkompetanse er nytilsette utan noko tidlegare barnehagefagleg kompetanse eller erfaring frå barnehage. Det er også tilgjengeleg for andre tilsette.
E-læringstilbodet vert gjennomført av den enkelte tilsette i lag med ein mentor. Opplæringa skjer på arbeidsplassen og kan enkelt bli sett i gang kort tid etter at den nytilsette har starta i barnehagen.
Gå til e-læring: barnehagefagleg grunnkompetanse
I e-læringa får den nytilsette eit innblikk i nokre grunnleggande og sentrale tema for arbeid i barnehage. Hensikta er ikkje å gå i djupet på dei ulike tema og læringsmåla.
Opplæringa bør bli gjort i løpet av dei første seks månadene etter tilsetting, og bli gjort over ei viss tid for å gi rom for refleksjon og læring i eigen barnehage.
Nasjonale rammer
Når de bruker e-læringa vil kriteria som ligg i dei nasjonale rammene for barnehagefagleg grunnkompetanse bli dekka. Rammene definerer den kompetansen alle tilsette som arbeider i ein barnehage vert forventa å ha.