Informasjon om korona

Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivå i barnehagar og skular.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2022

Regjeringa opphever det forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivået som blei innført før jul.
Regjeringa har nokre anbefalingar: grønt nivå for vidaregåande skular og vaksenopplæringa, gult nivå for barnehagar og skular om den lokalt stoda tilseier det.

Det er berre kommunen som har ansvaret for smittevernet i kommunen og som bestemmer tiltaksnivå. Det kan ikkje den einskilde offentlege eller private barnehage eller skule gjere.

Endringane trer i kraft frå og med midnatt natt til 15. januar, men regjeringa har forståing for at kommunar, barnehagar og skular vil trenge noko tid til å områ seg.

Meir informasjon finn du i høgremenyen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.