Regjeringa vil ha mange fleire barnehagelærarar i barnehagen
Regjeringa ønsker at fleire barn skal gå i barnehage. Samtidig vil dei auke kvaliteten på innhaldet i barnehagen. I dag la regjeringa fram sin nye barnehagestrategi.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Eit godt barnehagetilbod betyr mykje for barns moglegheiter vidare i livet, og bidrar til å jamne ut sosiale forskjellar, skriv regjeringa i si pressemelding.
Regjeringa sin nye barnehagestrategi fram mot 2030 er kalla «Barnehagen for ei ny tid».
Regjeringa vil:
- at 60 prosent av dei tilsette skal vere barnehagelærarar og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar innan 2030
- halde barnehageprisen låg
- sikre at pengane som vert brukt på barnehage går til barna
– Barnehageforliket for 20 år sidan ga fleire tusen nye barnehageplassar i Norge. No skal vi over i ei ny fase, der vi styrker kvaliteten på barnehagetilbodet. Vegen dit går gjennom fleire barnehagelærarar og god bemanning. Vårt mål er at barn skal få eit meir likeverdig barnehagetilbod uavhengig av kor i landet barnehagen ligg eller kven som driv barnehagen. Vi skal ta barnehagane inn i ei ny tid, og det skal vi gjere i samarbeid med både kommunane og private barnehageeigarar, seier statsminister Jonas Gahr Støre i pressemeldinga.
Les heile pressemeldinga hos regjeringa.no …