Dette skal skolen gjere

Skolen har ei aktivitetsplikt

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.08.2017

For å sikre at elevens rett til eit trygt og godt skolemiljø blir oppfylt, har skolen ei aktivitetsplikt etter opplæringslova §9 A-4. Formålet med denne aktivitetsplikta er å sikre at skolen handlar raskt og riktig når ein elev ikkje har det trygt og godt på skolen.

Skolen si aktivitetsplikt er delt inn i fem handlingsplikter:

Alle som arbeider på skolen skal

  1. følgje med på skolemiljøet
  2. gripe inn og stoppe krenkingar dersom det er mogleg
  3. varsle rektor om dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø

Skolen skal

  1. undersøke saka
  2. setje inn eigna tiltak som sørger for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø

Skulen skal følge opp saka heilt til barnet ditt opplever at det er trygt og godt på skolen.

Rektor skal ta alle varsel på alvor og har plikt til å undersøke det som har skjedd. Rektor har ansvar for at det blir sett inn tiltak for at barnet ditt skal få det bra igjen på skolen. Rektor skal informere deg som forelder om kva som blir gjort, og du og barnet ditt har rett til å bli høyrt.

Når skulen set inn tiltak, skal skolen lage ei aktivitetsplan. Denne plana har du som forelder rett til å sjå.

I plana skal det som eit minimum stå:

a) kva problem tiltaka skal løyse

b) kva tiltak skolen har planlagt

c) når tiltaka skal gjennomførast

d) kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka

e) når tiltaka skal evaluerast

 

Kva om mobbinga skjer etter skoletid?

Det som skjer mellom elevar etter skoletid kan verke inn på korleis ein elev har det på skolen. Det kan vere at noko har skjedd i samband med fritidsaktivitetar eller på nett. Om slike hendingar fører til at barnet ditt ikkje føler seg trygg på skolen, utløyser dette skolen si aktivitetsplikt, sjølv om årsaka skuldast noko som har hendt på fritida. Skolen har ikkje plikt til å sette inn tiltak som rettar seg mot eleven si fritid og situasjonen heime, men skolen skal sette inn tiltak som gjer at barnet ditt kan ha det trygt og godt på skolen.

 

Skolen har ei skjerpa aktivitetsplikt dersom tilsette krenker elevar

Det er uakseptabelt at nokon som arbeider på skolen krenker elevar. Slike krenkingar inneber eit grovt brot på tilliten som elevane, foreldra og samfunnet skal kunne ha til dei vaksne på skolen. Det blir derfor stilt særleg skjerpa krav til både varsling og tempo i desse sakene.

Opplæringslova § 9 A-5 seier at viss ein som arbeider på skolen får mistanke eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen utset ein elev for krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, skal han eller ho straks varsle rektor. Rektor skal varsle skoleeigaren.

Viss det er ein i leiinga ved skolen som står bak krenkinga, skal den som fekk mistanke eller kjennskap til dette straks varsle skoleeigar direkte. Skoleeigar kan vere kommunen, fylkeskommunen eller styret til ein frittståande skole. Plikta til å undersøke og sette inn tiltak skal straks settast i verk.

Tilbake

 

Kjelder:
nullmobbing.no
Rundskriv Udir - 3 - 2017

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.