Allanengen skole, Kristiansund, er nominert til Dronning Sonjas skolepris 2023

Bilete frå skulegården utanfor Allanengen. Fint vêr, ballspel.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal nominerte Allanengen skole i Kristiansund til Dronning Sonjas skolepris 2023, men det blei altså Storhamar Videregående skole som vann årets pris. Foto: Privat - Allanengen skole.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har nominert Allanengen barneskole i Kristiansund til Dronning Sonjas skolepris. Skolen var nominert også i 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2023

Prisen går til ein skole som fremmer likeverd og som inkluderer på ein framifrå måte.

Statsforvaltaren har fått inn kandidatar til prisen, og har gjort ulike undersøkingar i interne og eksterne system. Vi fann at Allanengen skole er ein god kandidat til å konkurrere om Dronning Sonja sin skolepris også på landsbasis.

Det er Utdanningsdirektoratet som lyser ut prisen. Leder av juryen, professor Inga Bolstad, kunngjer vinnarskolen tidleg i oktober.

Ein kort presentasjon av vår kandidat:

Trivsel, kunnskap og mangfald

Allanengen skole ligg i sentrum av Kristiansund. Skolen er 104 år gammal. Bygningen er verneverdig og bygd i jugendstil. Skolen har omlag 220 elever frå 1.- 7. trinn og 24 lærarar. Allanengen har ansvar for opplæring av nyankomne, minoritetsspråklege barn og har i dag tre mottaksklasser.

Skolens visjon er «Trivsel, kunnskap og mangfold i sentrum».


Rektor seier:

«Vår visjon og skolens plattform setter retningen for hva vi har fokus på i det daglige arbeidet med skolens elever. Den preger skolens praksis og arbeid på alle nivå.»

Mangfaldet i elevgruppa på Allanengen har økt betydeleg dei siste åra og skolen har arbeida systematisk med læringsmiljø og å inkludere alle.


Langsiktig, systematisk arbeid dagleg

Gjennom søknaden viser Allanengen skole korleis dei arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevanes læringsmiljø.

Skolens visjon og pedagogiske plattform vart utarbeida som ein forlenging av at dei deltok i Læringsmiljøprosjektet i 2018. I fortsettinga har skolen vist at dei har komme svært langt med å inkludere alle elevar, føresette og tilsette i skole og SFO i å skape eit trygt skolemiljø i lag. Eit miljø som ikkje berre integrerer, men også inkluderer.

Tverrfaglege team

Skoleåret 2021/22 oppretta skolen tre nye team: elevhelseteam, trivselsteam og miljørettleiarteam. Dette er ulike tverrfaglege team som – for å nemne nokre punkt – har til formål å jobbe fremmande og førebyggande for alle elevar. Teama skal bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø, fremme eit aktivt og demokratisk elevråd og sikre medverking, tryggleik og tilhøyr for alle elevar.

Gjennom elevhelseteamet vert også skolens samarbeidsinstansar involvert. Samarbeidet gir skolen gode innspel frå ulike etatar, i ulike tema og saker.

Verdiar, haldningar og rutinar

Statsforvaltaren har eit gjennomgåande inntrykk av at Allanengen har eit systematisk arbeid med verdigrunnlag, haldningar og føreseielege rutinar. Samstundes finn dei stadig nye tiltak som skal ta arbeidet vidare.  

Dei ulike teama understøttar at elevane skal oppleve tryggleik, tilhøyr og kjenne seg inkludert i eit godt fellesskap.

Vi har også eit gjennomgåande inntrykk av at skolen er dyktig i å skape gode tverrfaglege arenaer. Dei veit at medverking og eigarskap for alle – elevar, føresette, tilsette og andre – er ein forutsetning for å lykkast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.