Avlysing av statsborgararrangement 2020

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerer 1-2 statsborgarseremoniar for nye norske statsborgarar kvart år. For 2020 må vi dessverre avlyse arrangementa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2020

Vi inviterer vanlegvis alle som har blitt nye statsborgarar det siste året og deira gjester. Også ordførarane frå alle kommunane som har nye statsborgarar blir invitert.

Statsborgarskapsseremonien er ein høgtidleg seremoni med både talar og kulturinnslag, og det er alltid god deltaking.

I 2020 hadde vi planlagt to seremoniar, men så kom koronakrisa. Til å begynne med tenkte vi at det kunne vere ein moglegheit å ta igjen arrangementa til hausten, men slik utviklinga av koronakrisa har blitt, så har vi kome fram til at vi dessverre må avlyse statsborgerseremoniane i 2020 på den tradisjonelle arrangementsmåte.

Vi arbeider no med ei løysing for digitalt arrangement og vil komme attende til det.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.