Barnekonvensjonen

Oppdatert 05.01.2024

Barnekonvensjonen, som gir barn eigne rettar, er ein avtale mellom nesten alle land i verda. Noreg har underskrive barnekonvensjonen og gjort han til norsk lov.

Barnekonvensjonen gir barn rett til for eksempel skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rett er at barn har rett til å bli høyrt og å seie meninga si.

I 2003 vart barnekonvensjonen ein del av norsk lov, og barnekonvensjonen går framom dersom konvensjonen og anna norsk lovgjeving er i strid med kvarandre.

Statsforvaltaren og kommunane skal bruke barnekonvensjonen aktivt i all saksbehandling som gjeld barn og unge. Vi skal både internt og eksternt arbeide for å sikre at barnekonvensjonen blir lagt til grunn for den samordna innsatsen og for å sikre gode heilskapsløysingar for barn og unge.

Fritidserklæringa

Statsforvaltaren har også fått i oppdrag å bidra til å gjere fritidserklæringa kjend i kommunane. Fritidserklæringa har eit mål om at alle barn og unge skal ha høve til å delta jamleg i minst éin fritidsaktivitet, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra. Gjennom kunnskap om barn og unges levekår skal Statsforvaltaren bidra til at kommunane har eit tett samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Ei lokal fritidserklæring kan gje auka engasjement i arbeidet med å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.