Flyktningar og asylsøkjarar

Oppdatert 05.01.2024

Noreg gir kollektiv beskyttelse til ukrainarar. Asylsøkjarar kan registrere seg fleire stader i landet. Registreringa utløyser rett til tilbod og tenester. 

Vanlegvis er Nasjonalt ankomstsenter i Råde kommune første stoppestad for asylsøkjarar som kjem til Norge. Her blir asylsøkjarane registrert, dei får ei helseundersøking og informasjon om asylprosessen. Ukrainske borgarar kan registrere seg hos politiet for å søkje om kollektiv beskyttelse. Slik registrering kan gjerast i fem av landets politidistrikt. 

Kontaktinformasjon hos politiet for borgarar som vil søkje om asyl i Noreg.

Vanlegvis skal beskyttelsesbehovet til ein asylsøkjar gjennom ei individuell vurdering, men regjeringa har bestemt at ukrainarar skal få kollektiv beskyttelse. Avgjerda om kollektiv beskyttelse gir ikkje grunnlag for permanent opphaldsløyve. Ukrainarar som kjem til Noreg no, kan i første omgang få opphaldsløyve for inntil eitt år. 

Kven skal hjelpe ein asylsøkjar?

Hovudregelen er at alle offentlege instansar i Noreg har ansvar for å gje tilbod til asylsøkjarar på lik linje med tilbodet som blir gitt til alle innbyggjarar. 

  • Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av søknader om asyl og utvisningssaker, og for akutt innkvartering og drift av asylmottak.
  • Politiets utlendingseining (PU) tek i mot søknader om asyl og gjennomfører asylintervju. 

Kommunens ansvar

  • Kommunane skal yte primærhelsetenester og barnevernstenester til alle som oppheld seg i kommunen, også for asylsøkjarar som er midlertidig innkvartert.
  • Barn som er under 16 år har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Dette gjeld også for barn som er asylsøkjarar. Kommunen der barnet bur, har ansvar for å tilby grunnskuleopplæringa.
  • Ein del asylsøkjarar som er under 18 år, har rett til vidaregåande opplæring etter søknad. Regelverket som gjeld for barn og elevar som nett er komne til Noreg (udir.no).

Kommunar som er vertskommune for asylmottak, får eit vertskommunetilskot som skal dekkje kommunens utgifter til dei tenestene som kommunen skal yte. 

Dersom du jobbar i ein kommune som har eller skal få asylmottak, kan du finne alt du treng å vite på denne sida hos UDI.

Alternativ mottaksplassering (AMOT) er ei ordning som gjer at asylsøkjar med rett til plass i asylmottak, kan bu i ein vanleg bustad. Kommunen må akseptere å ta ansvar for privatbuande og får tilskot frå UDI.

Enklare byggjesaksprosessar for å ta i bruk bygningar som asylmottak (regjeringa.no) 

Brev til kommunane om menneskehandel

Statsforvaltarens oppgåver

  • Statsforvaltaren utnemner representantar for einslege asylsøkjarar som er under 18 år.
  • Vi er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter for å sikre rask kommunikasjon begge vegar. 
  • Vi har ansvar for behandling av saker som gjeld fri rettshjelp.
  • Vi fører tilsyn med omsorgssenter for einslege asylsøkjarar under 15 år.
  • Vi er tilsyns- og klageinstans og rettleiar kommunane i saker som gjeld sosiale tenester og introduksjonslova.
  • Vi gir kommunane råd og rettleiing på helseområdet.
  • Vi gir kommunane råd og rettleiing på barnehage- og skuleområdet. 

Einslege mindreårige asylsøkjarar

Einslege asylsøkjarar og flyktningar under 18 år får utnemnt ein representant. Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra. Representanten har ikkje den daglege omsorga, men skal syte for at barnet blir teken vare på av den instansen som er ansvarleg for å tilby omsorg. Vidare skal representanten hjelpe den mindreårige i samband med asylsaka. Asylsøkjarar under 18 år får bu i særskilte asylmottak eller i omsorgssenter.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.