Nye oppvekstprofilar gir kunnskap til kommunane
Folkehelseinstituttet sine årlege profilar om oppvekst og folkehelse gir kunnskap til det lokale arbeidet med å betre folkehelsa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kvart år legg folkehelseinstituttet ut to unike rapportar for alle kommunane i landet. Bydelane i dei fire største byane får også profilar. Ein oppvekstprofil og ein folkehelseprofil.
Hent folkehelseprofil eller oppvekstprofil - FHI
Folkehelse- og oppvekstprofilane gir informasjon om den generelle helsetilstanden i kommunane, og om faktorar som påverkar helsa, både for barn og vaksne.
Tema for oppvekstprofilane i år er betydning av sosiale skilnader for barn si helse og oppvekst. Kommunen skal nytte kunnskap om eigen kommune til å skape gode oppvekstmiljø for barn og unge. Gode og trygge barnehagar, skoler og nærmiljø er ein del av dette. Kommunale verkemiddel kan og bidra til økonomisk tryggleik, god integrering og legge grunnlaget for god psykisk og fysisk helse. Oppvekstprofilane gir kunnskap som kommunen må ta med seg i arbeidet med å lage planar for å hindre omsorgssvikt og adferdsvanskar, som Barnevernsreforma krev.
Folkehelseprofilane vart publisert 15. februar. Også her vel Folkehelseinstituttet ut eit årleg tema dei sett søkelyset på. Årets tema er livskvalitet. God livskvalitet er ein verdi i seg sjølv som fremmar helse og sunnare levevaner. I tillegg kan god livskvalitet styrke motstandskrafta i møte med belastningar.
29. mars legg Folkehelseinstituttet ut ei samla folkehelseprofil på fylkesnivå. Den finn du på same nettside.