Helse Møre og Romsdal med digitalt skjema for klager

Som første helseforetak i landet har Helse Møre og Romsdal no på plass ei løysing med digitalt klageskjema. Målet er å gjere det enklare for pasientar og pårørande å gje tilbakemelding på helsetenestene deira.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2019

Frå november 2019 er det teke i bruk ei ny meldeordning for klager gjennom eit digitalt skjema du finn på Helse Møre og Romsdal sine nettsider. Skjemaet er ei sikker løysing, slik at sensitive opplysningar trygt kan inkluderast i klagene. På nettsidene til helseføretaket vil du også finne rettleiing til korleis utforme klager.

Dei som treng hjelp til å fylle ut skjemaet kan kontakte koordinator for pasientklager i føretaket, Randi Spjelkavik. Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal vil også kunne hjelpe. Det vil fortsatt vere mogleg å sende klager per post, men hugs at e-mail ikkje bør nyttast då det ikkje er ein sikker kanal for sensitive opplysningar.

Ved mottatt melding skal helseføretaket vurdere klagen, og sende den vidare til Fylkesmannen viss du ikkje får medhald.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.