Helsestasjonar må ha rutinar for å følge opp barn som ikkje møter
Alle barn og unge har rett på tilbod på helsestasjon og i skulehelsetenesta, og retningslinja er no oppdatert for å fange opp dei som ikkje møter til konsultasjonar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Anbefalinga i retningslinja seier at helsestasjonen bør ha rutinar for å følgje opp foreldre og barn som
- ikkje møter til avtalte helsekonsultasjonar
- avbestiller eller endrar timar gjentekne gonger
Helsestasjonen bør også ha rutinar for å sikre oppdatert oversikt over barn under skulealder, som bur i kommunen.
Kommunen skaffar seg oversikt ved å gjere ein regelmessig kontroll i journalsystemet opp mot personregisteret, gjennom Norsk helsenett. Her er det mellom anna opplysningar om tilflyttarar og nyfødde. Det nye punktet i retningslinja viser også til døme på tiltak for å sikre barnets rett til helsekonsultasjonar og oppfølgingstiltak når barnet ikkje møter.