Helse- og omsorgstenester
Helse- og omsorgstenestene blir i mange tilfelle no endra, men noverande regelverk gjeld framleis, og eventuelle endringar må ha heimel i lov. Kommunane plikter å yte nødvendige og forsvarlege tenester til dei som treng det.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stengde skular/barnehagar
Når desse er stengd, må kommunen syte for å gi foreldra til barn med særlege omsorgsbehov avlasting, om dei treng det. Også barn av foreldre med rus- eller psykiske problem, må få tilbod om tenester, for å unngå omsorgssvikt eller forverring hos foreldra. Sjå meir i rettleiaren på Helsedirektoratet kapittel 6.
Opphøyr av tenester/dagsenter
Dei som har hatt tilbod om dagsenter, avlasting o.a., må få eit enkeltvedtak om endring/ stopp, no som dagtilboda blir stengde, jf. pasient- og brukarrettslova § 2-7 andre ledd og forvaltningslova § 35. Alle må vurderast individuelt. For dei som skal få tenester på andre måtar, må det gjerast nye vedtak, om tenestene er meint å vare i meir enn to veker.
Nye søknader
Kommunen har ansvar for å gi forsvarlege tenester til ei kvar tid. For å sikre det, må kommunen avklare raskt kva for søknadar som må avgjerast no, og kva for som kan vente. Brukarane/ pårørande skal medverke i prosessen.
Forsvarlege tenester
Der det er mange tenesteytarar, kan det vere utfordrande å hindre smittespreiing. Vi oppmodar difor kommunane til å både tenke og handle kreativt for å sikre at tenestene som blir ytt er forsvarlege, til dømes redusere talet på tenesteytarar som er i kontakt med den einskilde brukar. Vi vil også understreke kor viktig det er at nødvendig og relevant informasjon til ei kvar tid blir dokumentert. Særleg om store deler av personalgruppa blir hindra i å kome på jobb.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har stor forståing for at det er ein utfordrande og vanskeleg situasjon både for leiarar og tenesteytarar å sikre forsvarlege tenester no. Vi rosar den jobben kvar og ein av dykk legg ned i den utfordrande situasjon dykk står i, til det beste for brukarane.
Sakshandsamarane hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er tilgjengeleg på telefon, og vil gjere vårt aller beste for å gi god rettleiing om nødvendig.
Om tidsfristar ikkje kan overhaldast som følgje av den situasjonen vi er i, ta kontakt med sakshandsamar hos oss.
Kontaktpersonar
-
Janne Bjørsnøs
Tlf: 71 25 85 36 / 91 12 47 63 -
Eilin Reinaas
Tlf: 71 25 84 18 -
Linda Rosvoldaune Johansen
Tlf: 71 25 85 52 -
Guro Sæter
Tlf: 71 25 85 59 / 90 92 22 28 -
Greta Irene Hanset
Tlf: 71 25 85 47 / 93 01 87 58