Nye lovkrav til kosmetiske behandlingar

No kan kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling som kan påføre pasientar alvorleg skade, sjukdom, komplikasjon eller biverknad berre bli gjort av helsepersonell.
No kan kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling som kan påføre pasientar alvorleg skade, sjukdom, komplikasjon eller biverknad berre bli gjort av helsepersonell. Foto: Scanstockphoto.

I sommar blei lovkrava til kosmetiske behandlingar strengare. For fleire behandlingar er det no krav om at desse utførast av autorisert helsepersonell. Bransjen har også fått ny aldersgrense på 18 år for kundane sine.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.10.2022

– Fram til 1. juli i år var store deler av den kosmetiske bransjen vurdert å vere på sida av helselovgivinga. No kan kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling som kan påføre pasientar alvorleg skade, sjukdom, komplikasjon eller biverknad berre bli gjort av helsepersonell. Eit eksempel på slik behandling er injeksjon av såkalla «fillere». Vi forventar at lovkrava er kjende i bransjen, og at praksis er tilpassa, seier assisterande fylkeslege Eirin Steinsvik.

Kompetansekrav og aldersgrense

Fylkeslegen presiserer at det nye kompetansekravet no er tatt inn i helsepersonellova.

Også pasient- og brukarrettslova har fått ei tilføying som gjeld kosmetiske behandlingar. Dette gjelder den nyinnførte aldersgrensa. Som hovudregel kan no berre personar som er 18 år eller eldre bli vurdert for kosmetisk behandling.

Behandling med legemiddel som botulinumtoksin, ofte kalla Botox, er regulert som tidlegare. Ved bruk av midlar på resept, er det berre legar som kan vurdere personar for behandling. Sjølve injeksjonen kan bli sett av legen sin medhjelpar.

Oppmodar til merksemd

– Alle aktørar i bransjen er ansvarlege, og må følgje gjeldande lover. Vi oppmodar personar som ønsker kosmetisk behandling om sjølv å vere merksame, og undersøke om verksemda etterlever kompetansekrava som no gjeld, seier Steinsvik.

Lovendringane gjeld ikkje kosmetisk behandling som ikkje kan gje pasienten alvorleg skade eller biverknad, eksempelvis mindre risikofylte hudpleiebehandlingar.

Meir om krava

Utfyllande informasjon om lovendringane finn du hos Helsedirektoratet: