Psykososial oppfølging etter masseskytinga i Oslo

Statsforvaltaren oppmodar kommunane om å leggje informasjon på nettsidene sine om korleis tilbodet om psykososial oppfølging er organisert, og korleis innbyggjarane kan ta kontakt.   

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2022

Kommunane bør ha særleg merksemd på varetaking av psykososiale behov hos dei som var direkte involverte, og andre som er råka etter masseskytehendinga i Oslo 25. juni. Det gjeld også andre som kan oppleve vanskar basert på tidlegare traumatiske opplevingar eller politiets trusselvurderingar. Proaktiv psykososial oppfølging av dei som var direkte involverte, er viktig.

Les meir om kommunens ansvar for psykososial oppfølging og beredskap hos Helsedirektoratet.

Kva informasjon bør kommunen ha på sine heimesider?

Kommunens innbyggarar bør via nettsidene til kommunen enkelt få oppdatert informasjon om

  • kva tenester og tilbod som er tilgjengelege
  • kva aldersgrupper og målgrupper tilboda rettar seg mot
  • opningstidene i tilboda
  • telefonnummer for kontakt med tenesta og eventuell telefontid
  • besøksadresse for tilbodet

Det må gå fram at fastlegen har ein øyeblikkelig hjelp-funksjon på dagtid. Det må også gå fram kva andre akuttilbod som er tilgjengelege, utanom ordinær opningstid

Kven har bruk for hjelp etter masseskytinga?

Direkte råka som

  • etterlatne, familiar og vener
  • skadde, deira familiar og nærmaste
  • vitne til hendingane og deira næraste

Andre råka som

  • det skeive miljøet
  • råka av terroren 22. juli, krig og valdshandlingar eller tidlegare traumatiske hendingar
  • barn, unge og innbyggjarane elles

Mange bruker mykje tid på å søke etter hjelp og informasjon på internett når livet er vanskeleg. Ved å gi tydeleg informasjon på nettsidene sine kan kommunen medverke til at tilgjenge til eksisterande tilbod aukar, og at terskelen for å oppsøke tenester vert lågare.

Informasjon og ressursar for å vareta psykososiale behov

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS):

Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS):

  • Psykososial beredskap - konkret informasjon og rettleiing om kriser og katastrofer - til kommnunar, kriseteam, hjelpepersonell og frivillige.

RVTS har eit spesielt ansvar for tilby rettleiing og kompetanse til psykososial oppfølging og beredskap. Ved behov for bistand kan kommunen kontakte RVTS.

For dei direkte involverte i hendinga og andre råka som treng nokon å snakke med, er det mange frivillige organisasjonar som tilbyr støtte og informasjon. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til god hjelp. Du finn meir informasjon på helsenorge.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.