Besøksrestriksjonar på helse- og omsorgsinstitusjonar

– Det skal i størst mogleg grad leggast til rette for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar så lenge covid-19-epidemien er under kontroll, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2020

– Det blir gjort ein stor og god smittevernjobb. Midt i dette er det viktig at reglene ikkje blir for strenge. Det skal leggast til rette for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar, seier Müller Mikaelsen. Institusjonane må i særleg grad legge til rette for besøk når pasientar/pårørande er barn.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har på eige initiativ og på oppdrag frå helsedirektoratet følgd opp kommunar som har laga for strenge besøksregler i forbindelse med smittevern på helse- og omsorgsinstitusjonar.

Alle kommunar i Møre og Romsdal har sett i gang tiltak for å avgrense smitte. Tiltaka er utarbeida på bakgrunn av nasjonale retningslinjer og råd.

Må ikkje bli for strengt

I juli sendte Fylkesmannen i Møre og Romsdal ut spørsmål til alle kommunane i fylket. Av 26 kommunar svarte 23 innan fristen.

Fylkesmannen stilte spørsmål om kva for besøksrestriksjonar som praktiserast i kommunen sine helse- og omsorgsinstitusjonar, kva for vurderingar som låg til grunn for besøksrestriksjonane, og om kommunen hadde rutinar/system for å avvike frå besøksrestriksjonar etter konkret/individuell vurdering, og om disse rutinane/systema var kjent i institusjonane.

– Tre kommunar fekk skrifteleg tilbakemelding frå oss, da dei var for strenge i sine besøksrestriksjonar. Det handla om at dei ikkje gav besøkande lov til å ta med bebuarar på tur ut frå bustaden, og regler om kor mange besøkande bebuarane kunne ha, og kor lenge pårørande kunne vere på besøk.

Viktig å stille spørsmål

Når tenestemottakeran betaler husleige, for eksempel i omsorgsbustad/bufellesskap, er dette å anse som personens private heim. Eventuell avgrensing av besøk og sosial kontakt kan da i utgangspunktet berre bestemmast av tenestemottakeran sjølv, seier helsedirektoratet i sin vegleiar. 

–  Smitteverntiltak vil fortsette i lang tid. Det er viktig at pårørande stiller spørsmål dersom institusjonar eller omsorgs-/bufellesskap sett for strenge regler i samband med dette.

Alle må ta et ansvar

–  Samtidig er det viktig å vi beskyttar dei mest sårbare gruppene, og at personalet på bustadene ikkje blir sjuke, understrekar fylkeslegen.

Personar som har fått covid-19 kan være smitteførande utan at dei sjølv er klar over det. Difor er det særleg viktig å halde seg til smittevernregler og ikkje dra på besøk dersom ein er i karantene eller er i tvil om ein sjølv er frisk.

–  Her må ein altså tenke på fleire ting samtidig. Både smittevern og besøk. Besøk er viktig for at bebuarane kan dekke sine sosiale behov. I nokon tilfelle vil det være særleg viktig å legge til rette for at pårørande får besøke sine næraste i institusjonane. 

Vurderingar må tilpassast utviklinga

– I periodar med lokal smitteoppblomstring og når smittefaren aukar vil nokon kommunar innføre strengare tiltak. Dette er innanfor regelverket. Når smittetrykket lettar, skal også tiltaka reduserast, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Les meir om helsedirektoratets vegleiar for besøk i helse og omsorgsinstitusjonar her … 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.
Karin Müller Mikaelsen er fylkeslege i Møre og Romsdal.