Psykisk helse og rus

Oppdatert 20.12.2022

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar , skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.12.2023

Retten til eit anstendig liv - KORUS

For å heve levealderen hos personar med rus- og psykiske helseutfordringar har kommunane Averøy, Aukra, Surnadal og Sunndal utvikla tiltak gjennom prosjektet MUST, som står for «Muligheter og Utfordringer i Samarbeid på Tvers».


Publisert 14.11.2023

Rettleiar for psykisk helsearbeid barn og unge

Rettleiaren skal gi anbefalingar om korleis oppnå eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling.


Publisert 09.11.2023

Lansering av rettleiar psykisk helsearbeid barn og unge

Helsedirektoratet har laga eit webinar for å gjere målgruppane kjende med den nye rettleiaren for arbeid med psykisk helsearbeid for barn og unge. Sjå webinaret no! 


Publisert 21.06.2023

Ny opptrappingsplan for psykisk helse (2023-2033)

Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023 – 2033) skal bidra til at fleire får oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at sosiale forskjellar i psykisk helse vert redusert. 


Publisert 13.06.2023

Beredskap: Sosial kontroll og æresrelatert vald

Alle barn og unge har rett til å bli beskytta mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Offentlege tenester og skoler har ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet. Dei plikter å hjelpe barn og unge som er utsett.


Publisert 01.02.2023

Tilskotsordning til arbeid med pårørande

Helsedirektoratet har no lyst ut tilskot til heilskapleg støtte til pårørande med krevjande omsorgsoppgåver. 

 


Publisert 23.06.2021

Gjennomført opptrappingsplan for rusfeltet

Regjeringa sin opptrappingsplan har gjort at kommunane sin kapasitet og kompetanse på rusfeltet har auka. Utviklingsarbeidet innan rusfeltet har og vorte styrka.


Publisert 03.07.2020

Nye anbefalinger for tildeling og utlevering i LAR

Målet med anbefalinga er at personar med opioidavhengigheit opplever at vurdering for legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er lett tilgjengeleg og kan skje raskt under pandemien, og at oppstarten er gjennomførbar og kan skje utan unødig opphald etter at vedtak om LAR er fatta.


Publisert 02.04.2020

Fagleg støtte til dei psykososiale kriseteama i kommunane i Midt-Norge

Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, region Midt Norge (RVTS Midt) har fått eit ansvar for å følge opp og gi fagleg støtte til dei psykososiale kriseteama i regionen i samband med Korona-pandemien.


Publisert 01.04.2020

Ivaretaking av personar med psykisk helse og rusutfordringar i koronatider

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiing for korleis kommunen best kan ta vare på dei.