Gjennomført opptrappingsplan for rusfeltet
Regjeringa sin opptrappingsplan har gjort at kommunane sin kapasitet og kompetanse på rusfeltet har auka. Utviklingsarbeidet innan rusfeltet har og vorte styrka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ved startpunktet for opptrappingsplanen i 2016 blei det frå regjeringa si side lova 2,4 milliardar kroner til styrking av rusfeltet fram til 2020.
Måla for planen
Det var fem uttalte mål for opptrappingsplanen:
- Sikre reell brukerinnflytelse gjennom fritt behandlingsvalg, flere brukerstyrte løsninger og sterkere medvirkning ved utforming av tjenestetilbudet.
- Sikre at personer som står i fare for å utvikle et rusmiddelproblem, skal fanges opp og hjelpes tidlig.
- Alle skal møte et tilgjengelig, variert og helhetlig tjenesteapparat.
- Alle skal ha en aktiv og meningsfylt tilværelse.
- Utvikle og øke bruken av alternative straffereaksjoner og straffegjennomføringsformer.
Forskingsstiftelsen FAFO har evaluert opptrappingsplanen for rusfeltet i samarbeid med Samfunnsøkonomisk analyse og Ipsos.
Riktig retning – vidare innsats
FAFO meiner at utviklinga på rusfeltet har gått i riktig retning, sjølv om det er ein viss variasjon i måloppnåing for dei fem måla. Samstundes kan dei ikkje konkludere med at nokre av måla er fullt ut innfridd. Bildet er samansett, med store kommunale variasjonar.
Det krev ein vidare brei innsats om måla i planen skal kunne nås. Resultatrapporten har derfor fått tittelen «Et tjenesteområde i utvikling». Aktiviteten må førast vidare dersom alle med rusmiddelproblem og deira pårørande skal få eit godt tilbod.
Vidare utvikling i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal er det i denne perioden betalt ut 121 millionar kroner i tilskot til kommunane. I tillegg har det vore ei samla auke i rammetilskot/frie inntekter gjennom perioden på 48 millionar kroner.
I forventningsbrevet til kommunane i 2021 skreiv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:
«Vi forventar vidare prioritering og utvikling knytt til rusarbeidet i kommunane. Det er framleis mogleg å søkje tilskot for stillingar, og kommunane blir oppmoda om å vidareføre satsing knytt til utvikling av kompetanse og innovative tenestetilbod.»