Tilskotsordning til arbeid med pårørande

Helsedirektoratet har no lyst ut tilskot til heilskapleg støtte til pårørande med krevjande omsorgsoppgåver. 

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.02.2023

Tilskotet er meint å bidra til å betre situasjonen til pårørande gjennom å styrke pårørandearbeidet på både individ, teneste- og systemnivå. 

Som ein ledd i den kommande opptrappingsplanen for psykisk helse og forebyggings- og behandlingsreformen på rusfeltet 2023, har ordninga blitt styrka med 10 mill. kroner, til 19,2 mill. kroner og fått nytt regelverk.

Målgruppa for tiltaka som blir sett i gang er pårørande med krevjande omsorgsoppgåver fordi dei er pårørende til barn med omfattande behov, personar med fleire kroniske lidingar, til eldre med omsorgsbehov,  til personer med psykiske helse- og rusmiddelproblemer eller pårørande som opplev overdosedødsfall. 

Det er kommunane som kan søke på tilskotsordninga. Dei kan velge å utvikle tiltak i samarbeid med andre kommuner, brukar- og pårørandeorganisasjonar, andre frivillige aktørar.

Søknadsfrist er 15. mars 

For meir informasjon om ordninga og søknadsskjema, sjå lenke til Helsedirektoratet sine heimesider i høgremenyen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.