Koronavirus og tenestene til personar som har ei utviklingshemming

Kommunane er i ein vanskeleg situasjon og har mange ulike problemstillingar som følgje av koronapandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2020

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har lagt ut informasjon om at helse- og omsorgstenestene i mange tilfelle no blir endra, men at noverande regelverk framleis gjeld. Eventuelle endringar må ha heimel i lov. Kommunane må framleis følgje regelverket og Helsedirektoratet har laga ein rettleiar om korleis ein skal forstå rettsgrunnlaget for gjennomføring av smitteverntiltak.

I tenesta til personar som har ei utviklingshemming, kan det av ulike grunnar oppstå særlege utfordringar knytt til det å skulle gi forsvarlege tenester. Vi oppmodar alle som arbeider i desse tenestene til å halde seg oppdatert på NAKU sine nettsider der det er informasjon spesifikt om korona og utviklingshemming, og all informasjon der er kvalitetssikra av Helsedirektoratet. I tillegg er informasjon å finne på Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Kommunane må i den situasjonen vi står i no, som elles, legge til rette for gode miljøtiltak og gjere individuelle vurderingar i kvar einskilde sak. Vi oppmodar til at faglege spørsmål blir retta til Spesialisert habilitering for barn og vaksne i tråd med Helsedirektoratet sin rettleiar "Koronavirus - beslutninger og anbefalinger". Sjå særleg på kapittel 2 om kapasitet i helsetjenesten og kapittel 6 om smittevern. Sjå også særleg det som gjeld heimebaserte tenester i kapittel 5, 5.3 om tiltak som reduserer smitterisiko for personar med utviklingshemming.

Vi vil igjen rose den jobben kvar og ein legg ned i den utfordrande situasjonen de står i, til det beste for brukarane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer