No kan Helsedirektoratet gi gebyr for brot på alkohollova
Med dei nye reglane skal det ikkje lenger vere økonomisk lønsamt å bryte alkohollov
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.10.2024
Frå 17. september 2024 kan Helsedirektoratet gi gebyr (overtredelsesgebyr) for visse brot på alkohollova. Dette gjeld mellom anna brot på forbodet mot alkoholreklame, brot på reglar for produksjon av alkohol og brot på reglar for utlevering av privatimportert alkohol. Sjå lenke i høgre side.