Barne-, ungdom og familiedirektoratet lyser ut tilskot til inkludering av barn og unge 2023
Målet med ordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i samfunnet og oppleve meistring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.10.2022
Midlane kan nyttast til utvikling av opne møteplassar, ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Målgruppe er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å havne utanfor i samfunnet.
Før ein kan søkje må kommunane sende inn eit skjema for stadfesting.
Meir informasjon om stadfesting- og søknadsskjema ligg på BUF-dir sine heimesider (sjå lenke i høgtemenyen)
For spørsmål kan denne epostadressa nyttast: tilskudd@bufdir.no