TryggEst - tiltak for komptanseheving mot vald

No kan kommunane søke stimuleringsmidlar til å starte opp med TryggEst i sin kommune. Søknadsfristen er 31. mars 2023. Vi vil oppfordre kommunar som enno ikkje bruker dette verktøyet om å vurdere å starte opp.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.03.2023

Tilskotet er forvalta av Barne- og familiedirektoratet (Bufdir).

Tilskotsordninga skal

  • stimulere kommunane til å starte med TryggEst. Nye kommunar vil derfor vere prioritert.
  • bidra til økt kompetanse om vald og overgrep blant tilsette i relevante tenester, og økt kjennskap til TryggEst blant tilsette og innbyggarar, også målgruppa for TryggEst.
  • bidra til at vald og overgrep mot risikoutsette vaksne vert avdekka og at sakene vert behandla på ein god og forsvarleg måte.

Målgruppe

Risikoutsette vaksne, mellom anna personar med utviklingshemming, eldre, personar med psykisk eller somatisk sjukdom, personar med nedsett funksjonsevne, med fleire.

Det er mogleg å søke om midlar til

  • å delta på aktuelle kurs eller utdanningar som vil gi økt kompetanse, og som støttar under TryggEst i kommunen,
  • å planlegge og gjennomføre lokale kurs/fagdagar/personalsamlingar,
  • å utarbeide lokalt informasjonsmateriell (brosjyrar, filmar, nettbasert informasjon og liknande),
  • gjennomføring av kurs/samtalegrupper for målgruppa, og
  • tiltak for å gi informasjon til innbyggarar i kommunen om TryggEst.

Tiltaka skal bli retta mot

  • kommunal TryggEst-koordinator,
  • kommunalt TryggEst-team,
  • tilsette i aktuelle kommunale tenester,
  • innbyggarar generelt (informasjonsmateriell om kommunal TryggEst ordning), og
  • målgruppene i TryggEst, f.eks. personar med utviklingshemming, eldre, pasientar og brukarar.

Kvar kommune kan maksimalt søke om 400 000 kroner. Det vert ikkje gitt midlar til å finansiere drift av TryggEst i kommunen.

Les meir om tilskotet på Bufdir sine sider Tilskot til TryggEst | Bufdir

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.