Tverretatleg samarbeid for betre levekår i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal etablerte i januar 2019 Levekårsnettverket. Målet for eit slikt tverretatleg samarbeid er å skape eit forum der statlege og regionale aktørar kan samarbeide om oppgåveløysingar for å kunne gi koordinerte tenester til kommunane på velferdsområdet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2019

Ved oppstart var Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Husbanken Midt-Norge, IMDi Midt-Norge, NAV Møre og Romsdal og KS partane i nettverket.

Statsforvaltaren leier nettverket og medlemmane bidrar innanfor eige ansvars- og oppgåveområde.

Partane hadde sitt første møte under Nyttårskonferansen i januar 2019 og har følgt opp med tre møter etter dette.

Nettverket vil i 2019-2020 mellom anna prioritere «Bustad for velferd», «nullvisjon for utanforskap» og «utsette barn og unge». Som eit ledd i satsinga vil Levekårsnettverket arrangere ein fagdag 15. oktober i Molde der tema er barnefamiliar med langvarig låginntekt.

Gjennom dialog ønsker aktørane å leggje til rette for eit vidare samarbeid med kommunar som vil jobbe meir systematisk og heilskapleg med å betre oppvekstvilkåra for utsette barn og unge over tid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar