Melding om oppstart av arbeid med forvaltningsplan for Gule-/Stavikmyrane naturreservat i Hustadvika kommune

Høyringsfrist:
30. juni 2022 23:59
Gule-/Stavikmyrane. Foto: Øyvind Leren.

Statsforvaltaren melder oppstart av arbeid med forvaltningsplan for Gule-/Stavikmyrane naturreservat i Hustadvika kommune. Vi ønsker innspel til temaer og bruksinteresser som bør gjennomgåast i planarbeidet. Det vil bli holdt eit ope møte.

Publisert 01.06.2022

Bakgrunn

Forskrift om vern av Gule-/Stavikmyrane var vedtatt ved kongeleg resolusjon 13. desember 1996. Føremålet med fredinga er å ta vare på ein sentral del av eit av landets største myrlandskap. Lokaliteten har verdi som nasjonalt typeområde.

 

Føremålet med forvaltningsplanen

Ein forvaltningsplan er eit hjelpemiddel for å oppretthalde og fremje verneverdiane. Den skal gi utfyllande retningslinjer for forvaltning, tilrettelegging, skjøtsel og informasjon. Vidare skal planen skildre natur- og bruksinteresser og evt. trugslar mot verneverdiane innanfor området, fastsette bevaringsmål, foreslå nødvendige skjøtselstiltak, og synleggjere ansvarsforholda i forvaltninga av området. Planen er ikkje juridisk bindande, og kan ikkje gi retningslinjer som går ut over det som er heimla i verneforskrifta. Arbeidet med forvaltningsplanen opnar ikkje for ny vurdering av verneforskrift og grensesetting.

 

Prosess

Det blir no meldt om oppstart av arbeidet med forvaltningsplanen. Alle som øskjer det kan komme med innspel under møtet eller skriftlege innspel til Statsforvaltaren om ulike problemstillingar som bør vurderast i planarbeidet. Eit forslag til forvaltningsplan blir i neste omgang sendt på høyring, og dette vil det komme nærare informasjon om når det er aktuelt. Ved høyringa er det høve til å komme med skriftlege merknader til forvaltningsplanen.

 

Ope møte 

Det blir eit ope møte om arbeidet med forvaltningsplanen tysdag 14. juni kl. 18.30 i Stavik grendahus. Her kan ein få informasjon om arbeidet og kome med inspel. Det er ope for alle. 

 

Kva ønskjer vi innspel om?

Vi ønskjer innspel om bruksinteresser i området, som jakt og fiske, beiting, friluftsliv, brukshistorie, bygg og installasjonar, reiseliv eller andre interesser. Det kan være spørsmål om tolking av verneforskrifta, eller uklarheiter og problemstillingar som må klargjerast meir. Det kan også vere behov for allmenne informasjonstiltak m.m.

 

Frist og adresse for innspel

Frist for innspel til arbeidet med forvaltningsplanen er 30. juni 2022.

Send innspel på e-post til: sfmrpost@statsforvalteren.no

eller i brev til: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde.

 

For spørsmål om arbeidet, ta kontakt med sakshandsamar på e-post persr@statsforvalteren.no eller tlf. 71258483.

Høyringsfrist:
30. juni 2022 23:59

Kontaktpersonar