Høyring Surna naturreservat

Høyringsfrist:
20. august 2022 23:59
Sæterøya med Purka i bakgrunnen. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren høyrer med dette ei grense- og forskriftsendring. Surna naturreservat vart verna 27.05.1988. Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.

Publisert 23.06.2022

Naturreservatet består av fire delområde på samla 950 daa;

  • Purka
  • Sæterøya
  • Grimsmo
  • Ranesevja

I tillegg er det oppretta eit område med dyrelivsfreding på ca. 7.100 daa.

Føremålet med endringa er å rette opp ein del unøyaktigheiter og småfeil i grensene for naturreservatet.  Det har også vist seg at dyrelivsfredinga er eit utilsikta hinder for uttak av mindre predatorarar som rev, grevling og kråkefugl som har tatt egg og ungar av raudlista fugleartar som vipe og storspove. Dyrelivsfreding er mindre aktuelt etter endringar i viltlova og naturmangfaldlova som tek vare på verdiane.

Statsforvaltaren høyrer etter dette 2 alternativ til grense- og forskriftsendring: 

  1. Oppheving av dyrelivsfredinga og mindre justeringar av grensa til naturreservatet. Endring i verneforskrifta.
  2. Reduksjon av arealet med dyrelivsfreding til ca. 1385 daa og mindre justeringar av grensa til naturreservatet. Endring i verneforskrifta.

Ut frå normal saksbehandlingstid kan eit vedtak om grenseendring tidlegast skje av Kongen i statsråd desember 2022.