Søknad om utfylling ved Grandfjæra i Molde

Høyringsfrist:
4. november 2022 23:59

Grand Fiære Utvikling AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomane gnr. 25 bnr. 1496, 984 og 1383.

Publisert 04.10.2022

Det skal fyllast ut over eit areal på om lag 3 000 m2 (7 000 m2 inkludert fyllingsfot). Hensikta med tiltaket er å etablere ein molo og bustadfelt med ny sjøfront. Tiltaket er planlagd utført frå hausten 2022 til og med 2025.

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida.

Ei uttale eller kommentar til søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 4. november 2022.