Søknad om utslepp av avlaupsvatn frå reinseanlegg for drikkevatn - Herøy kommune

Høyringsfrist:
2. januar 2023 23:59

Herøy vasslag SA søkjer om løyve etter forureiningslova til å sleppe ut avlaupsvatn frå reinseanlegget for drikkevatn.

Publisert 24.11.2022

Det er søkt om å sleppe avlaupsvatnet i Moltuvika på 30 m djup. Moltuvika i Herøy er ein del av vassførekomsten Herøyfjorden-Røyrasundet. Avlaupsvatnet som det søkast om utslepp av vil innehalde organisk materiale og aluminium. Modulering av utsleppet syner at det vil vere ei innblandingssone på 5-7 meter frå utsleppspunktet. Miljørisikoen ved tiltaket er vurdert som liten og risikoen for ikkje å nå miljømålet for vassførekomsten vil ikkje bli endra. Det er heller ikkje venta negative utslag for biodiversitet.

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller sfmrpost@statsforvalteren.no før 2.1.2023.