Utslepp av spylevatn frå Ålesund vannverk

Høyringsfrist:
27. februar 2023 23:59

Det er søkt om å sleppe ut spylevatn frå vassbehandlingsanlegget til Borgunddammen på fire meters djupne.

Publisert 02.02.2023

Borgunddammen renn ut i Årsetelva og vidare til Brusdalsvatnet. Spylevatn som vert slept ut inneheld organisk stoff og kalsium frå marmorfilter. Det er i dag mellombels løyve til dette utsleppet. Prøvetaking syner at utsleppet ikkje har ein negativ påverknad på resipienten. Miljørisikoen av utsleppet er vurdert som liten, og vil ikkje verke inn på miljømåla for vassførekomsten.

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller sfmrpost@statsforvalteren.no før 27.2.2023.