Kommunal styring
Statsforvaltaren skal kontrollere og rettleie kommunane om rettsreglar som gjeld kommunale organ. Dette gjeld både generelle og spesifikke juridiske problemstillingar og spørsmål knytte til økonomireglane. Statsforvaltaren skal dessutan formidle signal frå departementa til kommunane.
Oppmodar til meir strukturerte kommunesamarbeid
Møre og Romsdal har 200 ulike interkommunale samarbeid. Det viser ei kartlegging frå NIVI-analyse. Rapporten anbefaler meir strukturerte samarbeid, noko som kan bidra til berekraftige velferdstenester og meir utviklingsdyktige kommunar.
Publisert 25.04.2023
Digital verkstad for klimabudsjett
13. april arrangerte fylkeskommunen og statsforvaltaren digitalt verkstad for kommunane i klimabudsjett. Her kan du sjå den digitale delen i opptak. Vi har også lagt ut gruppeoppgåvene og hjelpemiddel for vidare arbeid ute i kommunane.
Publisert 19.04.2023
Meir ressursar til arbeidet med berekraft i Møre og Romsdal
Volda, Ålesund, Molde og Tingvoll kommunar får alle midlar til ei toårig engasjementsstilling for berekraftkoordinator. Ressursen skal dei dele med omlandskommunane.
Publisert 24.10.2022
Kommunane sit med nøkkelen til ei berekraftig framtid
– Alle val ei kommune gjer verkar inn på miljø, økonomi og sosiale forhold. Når kommunane legg planar og strategiar må dei ha berekraftsamåla heilt fremst i panna, seier Anne Melbø og Frida Brevik hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Publisert 29.04.2021
Digitale kommunedialogmøte
Statsforvaltaren gjennomfører digitale dialogmøte med politisk og administrativ leiing i kommunane i perioden april – juni 2021.
Publisert 02.11.2020
Fylkesmannen gjennomfører digitale dialogmøte med kommunane i haust
Fleire av dei planlagde kommunebesøka i 2020 måtte gå ut grunna covid-19 pandemien. Fylkesmannen inviterer no til digitale dialogmøte med dei resterande kommunane.