Tildeling prosjektskjønn 2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har delt ut kr 8 475 000 til prosjekter i kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2016

I dag går det brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om tildeling av prosjektskjønn. Alle kommunane i fylket har blitt invitert til å søkje støtte til utviklings- og fornyingsprosjekt. Det har kome inn omlag 40 søknadar til ulike tiltak. Totalt var det søkt om over 23 millionar kroner. Tildelinga til prosjektskjønn er førebels på kroner 8 475 000.

På grunn av den store skilnaden mellom omsøkt beløp og tilgjengeleg beløp, er det fleire gode prosjekt som det ikkje har vore mogleg å prioritere innanfor rammene av prosjektskjønnet i år. Fleire av prosjekta som har fått støtte, har fått eit mindre beløp enn det dei har søkt om. Det er fordi vi vil sikre ei kommunal forankring i prosjekta gjennom ein monaleg kommunal eigendel, og at omsøkt sum er mykje høgare enn summen vi har til fordeling.

Prosjekta som har fått støtte i år ligg i oversikta til høgre i margen.

Midlane vert utbetalt tidleg i juni.

Vi vil be om ei sluttrapportering på prosjekta. Sluttrapporteringa vil bli gjort i slutten av august 2017. Det vil da bli sendt ut ein e-post til kontaktpersonane på prosjektet, som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet kor søknaden vart sendt inn (ISORD). Det er og viktig at det kommer fram kva nytteverdi dette prosjektet kan ha for andre kommunar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar