Grensejustering mellom Rauma og Vestnes kommune
Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) å utgreie ei eventuell grensejustering av grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune over til Vestnes kommune.
På denne sida vil vi legge ut aktuell informasjon i saka
I oversikta til høgre finn du så langt søknaden frå Vågstranda vel, uttale til søknaden frå kommunane, oppdragsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, milepælsplan og informasjon om telefonundersøkinga.
Fylkesmannen si tilråding oversendt KMD
Fylkesmannen i Møre og Romsdal sendte i dag utgreiing og tilråding i grensejusteringssaka for Vågstranda i Rauma kommune til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).
Publisert 30.04.2019
Grensejusteringssaka i Rauma kommune ute på høyring
Grensejusteringssaka for Vågstranda (grunnkrinsane Våge og Hjelvik) er no sendt på høyring til Rauma og Vestnes kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens Kartverk.
Publisert 24.04.2019
Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune
Fylkesmannen har i dag motteke resultata frå innbyggarhøyringa som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknaden frå grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune.
Publisert 25.03.2019
Faktagrunnlag i grensejusteringssaka mellom Rauma og Vestnes
Ein viktig del av saksførebuinga i grensejusteringssaka mellom kommunane Rauma og Vestnes er å innhente faktagrunnlag i saka. Fylkesmannen har i samband med dette utarbeidd ei sjekkliste for innhenting av faktagrunnlag ved grensejustering.