Erstatning etter offentlege pålegg i husdyrproduksjon
Oppdatert 10.03.2021
Du har rett på erstatning dersom Mattilsynet pålegg deg å avlive husdyr grunna smittevernårsaker. Ta kontakt med Statsforvaltaren så snart du får pålegget.
Det er Statsforvaltaren som behandlar søknadar om erstatning etter offentlege pålegg frå Mattilsynet, jf. matlova § 23.
Statsforvaltaren må bli kontakta før tiltak blir sett i gang. Vi gir berre erstatning etter å ha fått ei liste over tiltak i ein godkjent saneringsplan.
Du kan lese meir om erstatning etter offentlege pålegg på Landbruksdirektoratet sine nettsider.