Søk tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskader og konfliktdempande tiltak
Det er straks tid for å søkje om tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak i beiteområde. Fristen er 15. februar 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søknadane skal sendast inn elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 15.februar 2021.
I Møre og Romsdal har fleire kommuner oppretta kommunale rovviltutval som samordnar FKT-tiltak i ein felles søknad om FKT-middel. Dette gjeld kommunane Surnadal, Tingvoll, Sunndal, Molde, Rauma og Fjord
Førebyggande og konfliktdempande tiltak (FKT)
Målet med tilskotsordninga er å sikre iverksetting av effektive førebyggande tiltak for å minske dei skadane rovvilt kan forårsake på produksjonsdyr i landbruket og tamrein. Målet med konfliktdempande tiltak er å minske ulemper for lokalsamfunn og andre grupper. Tilskot skal bidra til en god samordning av verkemiddel frå landbruk og miljø innan rovviltforvaltninga. I Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter kan ein kan velje mellom 3 ulike skjema:
Skjema 1: Direkte tapsreduserande tiltak – førebyggande tiltak
Kommunale rovviltutval og beitelag, samt eigarar av produksjonsdyr i landbruket og tamreineigarar, kan søkje om tiltak som har en direkte tapsreduserande effekt, eller der ein kan oppnå ein slik effekt ved kombinasjon av verkemiddel.
Skjema 2: Konfliktdempande tiltak
Personar, kommunar og organisasjonar kan søkje om middel til tiltak som har som mål å dempe konfliktar i samfunnet forårsaka av rovvilt. Tiltaka skal bidra til økt kunnskap om rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge vert prioritert.
Skjema 3: Akutte tiltak
Under skadesituasjonar i beitesesongen kan ein søkje om tilskot til akutte tiltak; som intensivt kortvarig tilsyn, kadaversøk med hund, sanking av beitedyr til beredskapsbeiter, eller skadefellingsforsøk. Søknad om akutte tiltak har ingen søknadsfrist. Ein må kontakte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å gjere avtale, og sette i verk tiltak så rask som mogleg.