Ekstrautbetaling produksjonstilskot
I denne veka og i neste veke blir det utbetalt ekstra produksjonstilskot for 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I jordbruksavtalen i år vart det avtalt at det skulle utbetalast ekstra produksjonstilskot no i 2022. Normalt skjer utbetalinga av produksjonstilskotet i februar kvart år, og dei endringar og justeringar som blir forhandla fram i jordbruksavtalen gjeld for det som blir betalt ut året etter. Denne ekstrautbetalinga er altså i tillegg til det som var utbetalt i februar slik at samla produksjonstilskot for 2022 er meir enn det som vart framforhandla i jordbruksavtalen i 2021.
7. september er planlagt utbetalingsdato for den delen av ekstrautbetalinga som baserer seg på søknadsopplysningane som var innsendt i oktober 2021. Det tilskotet er i all hovudsak basert på areal.
14. september er planlagt utbetalingsdato for den delen av ekstrautbetalinga som baserer seg på søknadsopplysningane som var innsendt i mars 2022. Det tilskotet er basert på husdyrtal.
Søknadsopplysningane innsendt i mars 2022 er del 1 av søknadsomgangen 2022. Del 2 blir sendt inn i oktober. Søknadsomgangen er ikkje ferdigbehandla av kommunane før rundt årsskiftet, noko som betyr at det kan bli endringar i grunnlaget for utbetalinga som skjer 14. september. I så fall vil beløpet bli korrigert og den korreksjonen vil skje i den utbetalinga som kjem i februar (ordinær utbetaling for søknadsomgangen 2022).