Rapport for RMP 2021

Det regionale miljøprogrammet skal bidra til å ta vare på jordbrukets kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, samt redusere avrenning til vatn og utslepp til luft. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2022

Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal blir fastsett av Statsforvaltaren i samråd med Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget.

Innanfor gjeldande program (2019-2022) kan bønder søkje om tilskot til tiltak innanfor seks miljøtema. Nedanfor kan du sjå korleis utbetalingane for 2021 fordeler seg på desse tema.

I miljøtema inngår tiltaka:

Kulturlandskap
Slått av verdifulle jordbrukslandskap, skjøtsel av bratt areal og drift av beitelag.

Biologisk mangfald
Skjøtsel slåttemark og kyst-lynghei og tilrettelegging av fuglebiotopar for trua fugleartar.

Kulturminne og kulturmiljø
Tilskot til drift av seter og skjøtsel av gravminne.

Avrenning til vatn
Utsatt jordarbeid, etablere grasdekt kantsone i åker og vedlikehald av fangdammar.

Utslepp til luft
Spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesong, bruk av tilførselsslangar og nedleggings- og nedfellingsutstyr.

Klimarådgjeving
Nytt tema i 2021 var tilskot til føretak som har gjennomført klimarådgjeving.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar