Søk om regionalt miljøskot for 2021

Frå Herdalen, Fjord kommune
Frå Herdalen, Fjord kommune Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

No er det opna for å søkje om regionalt miljøtilskot (RMP) for 2021. Søknadsfristen er 15.oktober. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2021

Alle landbruksføretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje om tilskot for å gjennomføre miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Kvart fylke har eit eige regionalt miljøprogram.

Regionalt miljøprogram i Møre og Romsdal

Gjeldande regionalt miljøprogram er for perioden 2019 -2022 og består av ei rekkje ulike ordningar som skal ta vare på kulturlandskapet, biologisk mangfald, redusere forureining og utslepp av klimagassar frå landbruket. Nytt av året er at føretak kan søkje om tilskot for gjennomført klimarådgjeving. Les meir om dei ulike tiltaka i informasjonsskrivet for 2021. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen for RMP er 15. oktober, men det er allereie opna for å søke. For beitelag som søkjer tilskot for drift av beitelag er søknadsfristen 15. november. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.